Fredag 1. mai vart Norges Fjordhestlag sine to æresprisar for utstillarar og oppdrettarar delte ut.

Nokre personar viser ei særleg interesse for fjordhesten, og evne til å få fram gode dyr.
Nokre har særleg gode dyr, og nokre har fleire dyr enn andre. Når det i tillegg til sjølve volumet også er ein høg kvalitet på dyra som blir
avla og utstilte, viser dei igjen i fjordhest-Norge og i fjordhest-verda. Det er vi stolte av, det står det respekt av, og det
vil vi verdsetje.
Utstillaroppgjeret premierer dei som har hatt flest dyr i sitt eige på utstilling gjennom året, graderte etter premienivå.
Oppdrettaroppgjeret premierer oppdrettarar på same vis, der talet dyr ein har oppdretta er graderte etter prestasjonar på utstilling og/eller
har delteke i NM for fjordhest.
Vinnarane av begge prisane 2014 vart Vidar og Jorunn Heggheim. Norges Fjordhestlag gratulerer!

Utstiller - oppdretterprisen 2014
Foto: Inger
Grønntun

Bakgrunn for pristildelinga:
For Vidar og Jorunn var fjorårssesongen spesiell, då dei viste så mange dyr av ein så eksepsjonelt god kvalitet.
Dyra frå deira oppdrett viser igjen i Fjordhest-Norge. Dei har eit særleg godt rasepreg. Det viser ekstra godt igjen ved at det er eit av
deira oppdrett, Birkelid Tor, som er valt ut som ein særs vakker og rasetypisk representant for rasen, og av den grunn heng på 50 banner på lyktestolpane rundt om i Eid under hingsteutstillinga.
I fjor viste ekteparet unghoppene Birkelid Raua og Birkelid Oda, som begge var unghestar og stod spiss i sine klasser. Birkelid Oda vann
også Landsfinalen for unghestar. I tillegg viste dei Birkelid Tulla, som fekk 1. premie og stod først i kvalitet. Vidar og Jorunn er også
oppdrettarar av Birkelid Ninja, som fekk andre premie.
Alle desse hoppene er avkom etter den store avlsmerra Birkely Monja. Birkely Monja fekk også i fjor den høgste utmerkinga i vårt avlssystem, Elite, på jubileumsutstillinga i Førde. Det er berre ei anna merr i Norge som har oppnådd premiegraden Elite. Birkely Monja vart i tillegg Dagens Hest.
Dessverre fekk ikkje Birkely Monja fleire avkom, då ho døydde heime på garden i haust. Men ho har så mange flotte avkom etter seg at
rasepreget for framtida er sikra.
Norges Fjordhestlag takkar for eit svært viktig avlsarbeid gjennom mange år.