28.04 på Nordfjord Hotell:

Desse møtte: Anne Karin Løken, Vidar Heggheim, Kai Stein, Knut Thunheim,
Kjell Magne Åshamar og ordstyrar Bjørn Vollstad.
Frå administrasjonen : Asle Espe

Det vart orientert om følgjande frå førre styremøte:
– Budsjett
– Oppsummering på høyringsuttaler på bruksprøver, vert handsama på neste styremøte.
– Det er underskrive avtale mellom Atna Øl og Norges Fjordhestlag om Fjordhestølet.
– Endringane i avlsplanen for Fjordhest er handsama av Norsk Hestesenter og godkjend Mattilsynet, og er operativ for kåringa 1. og 2. mai 2015.
– Orientering frå styreleiar Kjell Magne Åshamar v/NFHS om situasjonen ved AS Norsk Fjordhestsenter.

Sak
39/15:
Godkjenning referat møte 03/15.

Vedtak:
Referat frå møte 03/15 godkjent.
Sak
40/15:
Gjennomgang av årsmøtet – planlegging

Vedtak:
Styret godkjende foreslegen plan for årsmøtet.
Sak
41/15:
Retningsliner for bruken av hingstar som får utsetting på UB.

Etter NHS si tilråding til Mattilsynet, er punkt 6.3.3.1 slik formulert i avlsplanen 6.3.3.1 Dispensasjon frå utvida bruksprøve
Norges Fjordhestlag kan etter skriftleg søknad dispensere slik at ein hingst kalla inn til utvida bruksprøve får eitt års utsetjing. Norges Fjordhestlag avgjer om hingsten kan nyttas i avl i dispensasjonsperioden. Hingst med innvilga dispensasjon vil ikkje verte innkalla på nytt. Eigar må sjølv melde hingsten. Om hingsten ikkje møter til ny avlsvurdering som venta, misser han automatisk avlsgodkjenninga.

Vedtak:
Styret godkjende punkt 6.3.3.1 i avlsplanen slik den ligg føre.

Sak
42/15:
Avlsoppgjer 2014
Stimuleringstiltaket for å premiere aktive eldsjelar innan oppdrett og utstilling av fjordhest vert vidareført.

Vedtak:
Topp 10 og beste utstillar og oppdrettar 2014 vert kunngjort under festmiddagen på hingsteutstillinga. Avlsutvalet v/ Katrine Haugaard og nestleiar Anne Karin Løken går gjennom kriteriene og rangerer listene.

Sak
43/15:
Eventuelt

Til orientering, punkt 6.6. i avlsplanen:

6.6. Bruk av embryo
Fjordhest som har vorte til ved embryooverføring vert ikkje registrert i stamboka pr i dag, men dette er under organisatorisk
handsaming i Norges Fjordhestlag.

Vedtak :
Styret vil ha ein prinsippdebatt om embryooverføring i organisasjonen , og ordlyden i punkt 6.6 er gjeldande til denne er ferdig.

Referent
Asle Espe