Rykande ferske bedekningstal viser at pilene etter fleire år med nedgang no peikar oppover igjen for fjordhest og dølahest. i 2015  har det vore 226 bedekningar mot 150 i 2015.

– Dette er svært gledelege tal, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Janne
Seilen. – Det er sjølvsagt veldig positivt og motiverande at utviklinga no
ser ut til å gå rette vegen. Norges Fjordhestlag takkar kvar einaste
hoppeeigar som har ført merra si til hingst denne sesongen. Alle bidrag er
viktige, understrekar ho.

Over 200 føl
Leiaren påpeikar at dette likevel ikkje er noko sovepute for dei nasjonale
hesterasane.

– Tala varierer år for år. Vi er avhengige av at oppdrettarane fører hoppene
til hingst, og at dei får selt føla sine. Talet bedekningar er ikkje det
same som talet på fødde føl, så vi må framleis arbeide aktivt for å kome
over to hundre fødde føl i året, seier Janne Seilen.

Ho håpar difor at hoppeeigarane held fram den gode trenden, og framhevar at
Norges Fjordhestlag vil arbeide vidare for å stimulere til dette.

Stor interesse
Det har vore uro i for utviklinga for alle dei nasjonale hesterasene og
raselaga samarbeider med dei nasjonale hestesentra for å auke talet på
bedekningar.

– Allereie neste helg arrangerer vi eit kurs i oppdrett av fjordhest, seier
dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum. Det har vore
stor interesse for kurset og er tydeleg at dette temaet er viktig for
oppdrettarane.

– Vi gler oss over veksten, men tala er framleis lave. Vi må halde fram med
godt avlsarbeid, men ser også på fleire prosjekt for å få opp bruken
av Fjordhesten, seier Flyum.

Bedekningstal for dei tre siste åra:

Dølahest Fjordhest Nordlands-/lyngshest
2013 225 203 116
2014 176 150 179
2015 221 (+ 45) 226 (+76) 144 (-35)

Fristen for innsending av bedekningslister for hingstar var 1.oktober, så
tala er med atterhald om fleire lister på veg inn og evt feil.

Kontaktpersonar

Norges Fjordhestlag
leiar
Janne Seilen
tlf 92094232

Norsk Fjordhest senter
dagleg leiar
Magni HJertenes Flyum
tlf 93422756