Under årets hingsteutstilling på Nordfjordeid delte Norges Fjordhestlag ut marknadsføringsprisen til Lene Kragh. Lene er både grasrotarbeidar, internasjonal kusk  og fenomenal fjordhestambassadør.

Av Anne-Karin Løken

Det er fleire grunnar til at Norges Fjordhestlag har valt å dele prisen ut til Lene Kragh. Vi har først og fremst valt å legge vekt på den allsidige marknadsføringa som Lene har gjort gjennom sitt virke i svært mange år. Lene har på mange måtar vore ein «grasrotarbeidar», og for Norges Fjordhestlag er slike ambassadørar dei mest verdifulle vi har.

Eigen marknadsføringspris
Norges Fjordhestlag oppretta for to år sidan ein eigen marknadsføringspris, som laget deler ut til den eller dei som har profilert fjordhesten på spesielt vis. I fjor vart prisen delt ut til Birgitte Reitan og fjordhesten Sno. Birgitte starta Sno i VM i paradressur i Frankrike, noko som er ein prestasjon som få kan gjere ho etter. Marknadsføringsverdien dette hadde i inn- og utland var stor. Men vi har veldig mange flinke folk i dette landet som kvar på sitt vis marknadsfører fjordhesten på ein svært god måte, og ein treng ikkje starte i VM for å vere kvalifisert til ein pris i Norges Fjordhestlag.

Grasrot og konkurranse
Samtidig som Lene Kragh har arbeidd på grasrotplanet, har ho også vist fjordhesten fram på nasjonalt og internasjonalt nivå i køyresporten. Det har ikkje vore nok med ein fjordhest framfor vogna – det måtte både to, og fire, til. I tillegg har ho brukt fjordhesten i oppdragskøyring av alle slag, også her med både to og fire fjordhestar framfor vogna.

Alt dette er i seg sjølv arbeid som har gjort Lene Kragh verdig vår marknadsføringspris. Det som i tillegg styrkar saka, er at dette på ingen måte har føregått ute på landsbygda. Dette har Lene halde på med i eit område der fjordhesten i utgangspunktet ikkje står spesielt sterkt, og der han på mange måtar treng å styrke sitt omdømme – i tjukkaste Oslo.

LeneKragh

Lene Kragh køyrer firspann i maraton på eit køyrestemne på Ekeberg i Oslo i 2007. Foto: Ingvild N. Sveen

Rideskule
Lene har drive rideskule på Trosterudstallen i Groruddalen i mange år. Den første fjordingen var Odin – fødd på Trosterud før Lene begynte å jobbe der. Odin var ubrukeleg som skulehest, meinte dei som var der. Lene fekk likevel, trass i hans «umulege» oppførsel, lov til å ri han. Han blei etter kvart klubbmeister i sprang og dressur, han var voltigehest og blei innkøyrd.

Trosterudstallen hadde dei første åra Lene var der, eit par fjordingar. Seinare kjøpte Lene og Politihestenes Venners fire fjordingar til rideskule og
køyreoppdrag.

Arbeidsdag i stallen
Det var mange «drabantbybarn» som hadde tilhold i stallen, og spesielt barn frå familiar med rusproblem. Hestane var gode å støtte seg til for desse barna. Lene hjalp så godt ho kunne. Hun ble blant anna avlastningsheim, og hadde nært samarbeid med rådgjevaren på ungdomsskulen i nærleiken, slik at skuletrøtt ungdom kunne ha arbeidsdag i stallen i staden for å gå på skule ein til to dagar i veka.

Lene har opp gjennom åra fått mange prisar frå mange hald. Blant anna kan ein nemne Hellerud Bydels kulturpris for sitt arbeid med barn og unge, og ho har blitt nominert til Oslo Bys pris for arbeid med funksjonshemma.

Då Trosterudstallen for ti år sidan blei nedlagt, starta Lene og samarbeidspartnerar Alna Ridesenter i Alnaparken i Oslo der dei driv rideskule og kurs- og oppdragsverksemd, blant anna.

Lene Kragh mottok marknadsføringsprisen under utstillingsmiddagen på hingsteutstillinga. Her saman med Anne-Karin Løken, nestleiar i Norges Fjordhestlag.

Lene Kragh mottok marknadsføringsprisen under utstillingsmiddagen på hingsteutstillinga. Her saman med Anne-Karin Løken, nestleiar i Norges Fjordhestlag.

Selebre gjestar i vogna
Lene har vore ein aktiv konkurransekusk sidan tidleg nittital, då den første konkurransefjordingen var Veslegråen. Deretter blei det sett saman firspann, og treningsområdet var Oslo sentrum, gjerne med ein sving innom slottsplassen. Lene har alltid hatt fjordingar til bruk til oppdrag. Fjordingane hennar har køyrt selebritetar som Wenche Myhre, Per Aabel, Bjørn Dæhli, ein haug med politikarar og ikkje minst – Kongen og Dronninga.

Vi som kjenner Lene, veit at ho er ein utruleg snill og raus person som støttar opp om alle. Ho er kreativ og det er alltid mange ballar i lufta samtidig. Ingenting er uprøvd, og mottoet er at «dette får vi til». Ho er glad i å lage show og tilstellingar – og alle får vere med. Alna Ridesenter har som motto ”Ett sted å være, ett sted å lære”.

Fjordingane på Karl Johan
Fjordingen er fantastisk rase. Og Lene har sett og skjønt – og ikkje minst vist for folk flest – at fjordhesten kan brukast både til næring og konkurranse på høgt nivå.

Lene har brukt fjordhesten i hovudstaden med det som er av utfordringar i bybiletet. Ho har vist at fjordingen er ein snill og tolerant hest som taklar det meste. Når fjordingane kvart år går først i 17. mai-toget nedover Karl Johan mens det blir spelt og dansa, med musikarar med høgtalarar i vogna, når fjordingane går i bryllaupsoppdrag med trommer, fyrverkeri og folkemasser som trykker seg inn mot hestane, då driv Lene eit marknadsføringsarbeid av særlig stor verdi. Dette har ho gjort i mange år, og dette gjer ho framleis.

Sagt om Lene:
«Lene muliggjør og gjennomfører de tingene som andre ikke kommer lengre enn å tenke på.»