Bedekkingstala for fjordhest har i mange år gått nedover, men i 2015 var det for første gong på årevis ei auke. Ein populasjon må ha to hundre fødde føl per år for å vere bærekraftig, og med 226 bedekte marar i fjor er me ikkje så alt for langt unna. Mange er spente på korleis bedekkingstala for 2016 vert, og me vonar sjølvsagt at auken held fram.

Denne helga har mange marar vorte slepte med fleire ulike hingstar over heile landet, og det er ei glede å sjå at den stolte tradisjonen med hingsteslepp framleis er viktig for fjordhestfolket.

Lauvprinsen vart sleppt med fem hopper på vakre Nysætra i Sykkylven i regi av Sykkylven Fjordhestlag.

IMG_3223 IMG_3181 IMG_3289

Foto: Karine Mathilde Kristiansen

På trass av sine 24 år, er Kneist framleis glad for å få hoppebesøk. Han vart slept med tre hopper på Nordfjordeid. Lokalavisa Fjordabladet har laga sak om hingstesleppet.

IMG_7323 IMG_7196  IMG_7138

IMG_7409

Foto: Ingvild Rydjord Hansen

Trøndelag fjordhestlag har leigd den kåra hingsten Sølrei, som vart sleppt med seks marar. Trønder-Avisa har laga sak om sleppet.

slipp3 slipp slipp1 slipp2

Foto: Merethe Varslot Boneng

På Moi i Rogaland vart den ulsblakke andrepremiehingsten Major sleppt med ni marar. Fleire kjem til etterkvart.

IMG_6660 IMG_6195 IMG_6441

Foto: Åse Helene Ravndal

I Sunnfjord vart førstepremiehingsten Søljo – som er halvbror til tidlegare nemnde Sølrei – sleppt med femten merrer.

20160611_132526 20160611_132115 20160611_131836

Foto: Elisabeth Juliebø Røst