Onsdag vart det både ridd og køyrd dressur under NM for Fjordhest i Førde. Blant klassene fann me blant andre MB dressurkøyring som er første avdeling i greinmeisterskapen i køyring, samt andre og siste avdeling i greinmeinsterskapen i dressur.

Greinmeisterskapen i dressur hadde heile tjueto startande i år, og elleve av desse kom seg vidare til finalen. Med siger i båe klassene, gjekk tittelen greinmeister dressur 2016 til Ida-Elin Røstad Sunde og Kuling frå Fræna hestesportsklubb.

Kuling1

Dei plasserte i greinmeisterskapen i dressur: Ida-Elin Røstad Sunde og Kuling, Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann, Annike Mikkelsen og Roselise, Marianne Holtvik og Holten Brage, Sylvia Kallekleiv Langeland og Freddi, Annifrid ueland og Sæles Loke.

Første avdeling av greinmeisterskapen i køyring vart også arrangert onsdag, maraton- og presisjonskøyring går torsdag og fredag. Vinnar av MB dressurkøyring og leiar av greinmeisterskapen etter første delkonkurranse er Hege Engeskaug og Nimbus frå Hedemarken rideklubb.

køyring

Greinmeisterskapen i køyring sitt einaste tospann – Irja Vågene Stølen med Sylvester Berger og Svingens Edda

Fullstendig resultatliste greinmeisterskap dressur
Resultat B-finalen i greinmeisterskapen i dressur
Resultat MB dressurkøyring
Alle resultatlister frå NM Fjordhest

Alle foto: Astrid Marie Årdal og Inger Grønntun/Fjordhest-NM 2016