Foto: Inger Grønntun

NM vinnerne, Foto: Inger Grønntun

Tekst: Inger Grønntun/Kjellfrid Støylen Foto: Inger Grønntun/Astrid Marie Årdal

Den trettiande Norgesmeisterskapen for fjordhest er historie. Gjennom ei heil veke har vakre og veltrena fjordhestar konkurrert i dressur, sprang, køyring og feltritt, i sol og regn. Spenninga var til å ta og føle på heilt til siste slutt, då 80-sprangen laurdag baud på utfordringar for mange. Til sist var det Grete Elise Sefland og Vesleljosen som stod att som vinnarar av juniorklassa, medan Isabell Engjaberg Øye og Brautar vann senior-NM. To dyktige ekvipasjar, som representerte fjordhesten på ein ypparleg måte gjennom heile veka. Elles verka det som om både deltakarar, publikum, funksjonærar, medhjelparar og arrangørar hadde det bra. Det var blide fjes å sjå over alt, og ein kan nok ein gong slå fast at fjordhestfolk er trivelege menneske! Førde køyre- og rideklubb og Sunnfjord fjordheslag arrangerte stemnet, som fann stad på jordbruksskulen på Mo i Førde. Det er femte gong NM har vore helde i Førde, og ein begynner dermed etter kvart å få ein viss rutine.

Mykje arbeid Det er mykje jobb å ro i land eit slikt stort arrangement, noko stemneleiar Harald Løtuft ikkje legg skjul på. -Det er mykje arbeid! Som stemneleiar går dagane frå klokka 05.00 om morgonen til klokka 01.00 på natta, og det seier seg sjølv at det blir lite søvn. Det er alltid underskot på dugnadsfolk. Ein skulle alltid hatt fleire, men samtidig er det arbeid som dukkar opp der og då som ein berre må få unna, og då gjer ein det fort sjølv. Dugnadsfolka har gjort ein flott jobb, og det har vore veldig greitt å ha tre stemneleiarar som har delt arbeidet mellom seg. På den måten har arbeidsoppgåvene vore fordelt etter interesse og eigenskapar, samtidig som alle har relativt klåre ansvarsområde.

Stemneleiar Harald Løtuft i presisjon, Foto: Inger Grønntun

Stemneleiar Harald Løtuft i presisjon, Foto: Inger Grønntun

Harald har i tillegg til å vere stemneleiar starta med to av hestane sine, Finslands Norgrima (også kjent som Tulla), og Norgrimas Rambo. Dette har vore utfordrande, fortel han, men med særs god hjelp frå hestepassarar og frivillige har han hatt moglegheit til å fokusere på trening og stemneansvar. Andre har tatt jobben med møkking, pussing, og alt det andre som følgjer med hestehaldet. Store stemne er viktige for inspirasjonen til ungdommane, og for å ha eit tydeleg mål å trene mot, seier Harald vidare. Mange har som mål å starte på Fjordhest-NM når dei søkjer seg til Mo og Øyrane vidaregåande skule, og det er svært kjekt å sjå igjen både noverande og tidligare elevar på Fjordhest-NM. Neste mål for skulen på Mo må vere å få ridehall, det er eit sakn for både lærarar og elevar, i tillegg til at hestemiljøet i Sunnfjord skulle hatt fleire alternativ om vinteren. Som leiar i Sunnfjord Fjordhestlag ser Harald Løtuft kor viktig det er at fjordhesten blir vist fram på ein så god måte, og at dette aukar marknadsverdien og etterspurnaden etter denne fantastiske rasen.

Lagvinnarar på heimebane For å bli Norgesmeistar må juniorane konkurrere i dressur, sprang og presisjonskøyring, medan seniorane startar dressur, sprang og maraton. I tillegg har ein Norgesmeisterskap for lag, der tre utøvarar frå same klubb er med i kvar sin disiplin. I år var det Førde køyre- og rideklubb sitt lag, med Emma Nyløy, Harald Løtuft og Trine Lillestøl Paulsen som gjekk til topps her, og tok gullet. Harald vart i tillegg greinmeistar i køyring, medan Trine tok greinmeistertittelen i sprang. Emma Nyløy er lærling ved skulen på Mo, og rir hingsten Sofin. På spørsmål om korleis det er å starte med hingst, fortel Emma at det har gått veldig fint. Sofin er ein hyggeleg hingst som er lett å handtere, og han oppfører seg godt. Han er i tillegg 14 år, og har såleis erfaring i å oppføre seg på store stemne. Det er elles veldig kjekt at folk tek omsyn og ikkje rir for nær, at vi fekk tildelt boks litt vekk frå andre, og at det er lagt til rette for at hestar må ha litt rom rundt seg, seier Emma vidare. Det mest utfordrande for Sofin er kanskje at han står på Mo til vanleg, og meiner det er hans område. Plutseleg kjem det andre hingstar under NM og «tar reviret hans». Sånn sett forståeleg, at han vil prøve å vise at ein ikkje skal komme her og komme her, avsluttar Emma Nyløy.

Emma Nyløy, Foto: Astrid Marie Årdal

Emma Nyløy, Foto: Astrid Marie Årdal

Sofin var altså ikkje den einaste hingsten på NM. Blant dei over 100 startande hestane fann ein både kåra og ukåra hingstar, i ei god blanding med hopper og valakkar. Det var lagt stor vekt på tryggleik, og fleire stewardar sørga for at reglane vart fylgde. Det er alltid knytt ei viss spenning til korleis eit så stort stemne vil fungere, men ut frå tilbakemeldingane tydar alt på at det meste gjekk etter planen denne gongen. Julia Førde og Vigdis Hatlevoll er to av dei mange som fylgjer NM frå sidelinja, og begge er einige om at stemnet har gått bra. Arrangørane har vore svært flinke med å halde tidsskjema, slik at publikum og startande heile tida veit kor tid ting skjer, fortel dei.

Julia nemner at sikkerheita under slike store stemner er viktig, og at arrangøren denne gongen har vore flinke til å skilje hestar og publikum, og til å lage gode løysingar slik at publikum kan få med seg mest mogleg, utan at det går utover dei startande. I tillegg høyrer dei at det er gode tilbakemeldingar frå ekvipasjane, noko som også kom fram på deltakarmøtet. Vigdis synest at det er fantastisk med gode liveoppdateringar med resultat, spesielt sidan ho ikkje har hatt muligheit til å vere der alle dagane. På den måten får ein resultata etter kvart. Hestesporten i Noreg brukar systemet HorsePro til alt som har med stemne å gjere, og dette har utvikla seg til å bli eit flott verkty for både arrangørar, startande og tilskodarar.

Fjordhestfolk i alle aldrar Fjordhest-NM samlar hestefolk i alle aldrar, frå dei unge juniorane på rundt 15 år, og til «veteranar» som har helde på med hest i ein mannsalder og vel så det. Dei fyrste dagane las speaker Lars-Haakon Nesse opp informasjon om hestar og ryttarar/kuskar i det dei kom inn på bana, og det er overraskande mange som har helde på med hest i både tjue og tretti år. Ein fann til og med att ryttarar som deltok på den aller fyrste nasjonale meisterskapen for fjordhest i Førde i 1986, og dei kvidde seg slettes ikkje på å frese rundt sprangbana no i helga. Vi let oss elles imponere stort av 15-årige Irja Vågene Stølen som starta full middels køyreklasse med tospann, og den fine kontrollen ho hadde over hestane i maratonløypa.

Irja Vågene Stølen med tospannet sitt, Foto: Inger Grønntun

Irja Vågene Stølen med tospannet sitt, Foto: Inger Grønntun

 

Ein av dei som startar for fyrste gong, er 15 år gamle Amalie Hagen Nielsen frå Førde. Ho har med seg hesten Silketuna, ei ti år gammal hoppe etter Resen, og har starta i klassane MB presisjonskøyring , 0,80 m sprangriding og LB:3 dressurriding. -Det er kjekt og lærerikt å vere med, fortel ho. -Eg har lært veldig mykje av å vere her på NM. Presisjonskøyring var kjekkast! Silketuna var litt spent i byrjinga av veka, men har oppført seg kjempefint heile tida. I tillegg var det veldig kjekt at det var så mykje publikum og deltakarar, og at stemnet var så flott arrangert. No skal Silketuna på beite og så skal vi ha litt ferie og fri, og mykje kos! Kanskje det blir nokre turar, for å halde ho i gong til stemner seinare i haust.

Knøttecupen, Foto: Inger Grønntun.

Knøttecupen, Foto: Inger Grønntun.

Amalie var elles ein av mange som starta i knøttecupen torsdag. Dette er ein populær klasse, kanskje særleg for dei yngre. Terrengrittet er også svært publikumsvenleg, og det er utruleg spennande å stå ute i skogen og fylgje med på ekvipasjane som kjem susande. Fjordhesten kan komme opp i stor fart når han trivast, og det såg det ut til at dei fleste gjorde her. NM består av mange klassar, og ikkje alle tel med i sjølve NM-samandraga. Til dømes var det også køyreklassar i LC og LB, ulike sprangklassar, og utfordrande dressur. Det er mykje å halde styr på, og nokre dagar gjekk fleire klassar på same tid. Deltakararar og publikum fekk ros den siste dagen fordi dei var så dyktige til å ta omsyn torsdagen, når knøttecup og maraton gjekk føre seg side om side.

Amalie Hagen Nielsen, Foto: Inger Grønntun

Amalie Hagen Nielsen, Foto: Inger Grønntun

Godt miljø og flinke unghestar Det såg elles ut til at folk kosa seg stort under NM. Overdommar Tone Løken uttalte det slik: «Stemnedeltakarane tar vare på kvarandre og hestane på ein slik måte at jobben som overdommar blir lett». Det gode miljøet vart trekt fram av fleire. Alle helsa og smilte, og heiarop, applaus og lykkeynskingar sat laust. Ein var slettes ikkje berre opptekne av dei frå sin eigen klubb. Samhaldet blant fjordhestfolk ser ut til å vere godt, og grunna sosiale medium veit veldig mange om kvarandre før dei møtast. Det er spennande å treffe folk og hestar ein har høyrd mykje om, sett bilete av, og som ein nesten føler at ein kjenner litt frå før av, i levande live!

Dei siste åra har ein kåra dei beste unge fjordhestane (BUF) under NM. Dette er ein viktig motivasjonsfaktor for å komme i gong med trening og utdanning av unghestane, og BUF-titlane er gjæve for dei som vinn desse! For å vinne BUF må hesten vise allsidigheit i alle tre greiner, og nivået stig ettersom han er fire, fem eller seks år gamal. I år var det Torset Daysy til Nina Fejerskov som vart best i seksårsklassa, medan hingsten Severin med Tone Kvaale vart den beste femåringen. I fireårs-BUFen var det Nesviks Liana og Maren Rognø Vevatne som vann. Maren fortel at Nesviks Liana er ein vaken, kvikk, og litt lettskremd hest, noko som krev at ein jobbar jamt og konsekvent. Ho seier at ho ikkje var sikker på start i NM før rett før påmeldingsfristen. På kvalifiseringsstemna var det svært ujamne resultat, som ofte kjem av at hesten treng å ha rette dagen for at alt skal gå bra. Til meir urutinert ein hest er, til mindre sjanse for at alt skal klaffe akkurat når ein er inne på bana. På kvalifiseringsstemnet for berre nokre veker sidan rei ekvipasjen til 44 % i dressur, som betyr at rittet er underkjent, medan den no på NM fekk 61,8 %, som er eit godt resultat. Likeins er det i sprang, der hesten kan hoppe jamt gjennom ei bane den eine dagen, og på neste konkurranse kan den stoppe fordi eit hinder har feil farge, eller form.

Vinnar av 4-års-BUF, Maren Rognø Vevatne og Nesviks Liana, Foto: Inger Grønntun

Vinnar av 4-års-BUF, Maren Rognø Vevatne og Nesviks Liana, Foto: Inger Grønntun

Maren legg vekt på at hesten skal få mykje mental trening i form av miljøtrening. Den må lære seg å sjå nye ting. Samtidig er dressur, der hesten skal lære seg å jobbe etter lette og fine signal, ein viktig grunnstein for all trening seinare. Ho har trena relativt lite, på ein slik måte at hesten ikkje har blitt lei eller utslitt, men samtidig svært målretta, og med tanke for at hesten skal bli svært god når den vert vaksen. Maren er elles rask med å rose både arrangement og hyggeleg fjordhestmiljø. Her treff ein igjen mange kjende, og det er eit svært inkluderande miljø der alle hjelper kvarandre. Samtidig er fjordhest-NM ein av dei mest krevjande konkurransane ein kan vere med på, der den allsidige konkurransehesten verkeleg får vist seg. Ein ting er at dei som vinn NM skal gjere det jamt godt i køyring og riding, men i tillegg skal hesten tåle å vere lenge på ein ny stall, med mykje som skjer. Samtidig skal den ete og kvile godt. Det same gjeld ryttaren. Det er mykje som skjer, og mykje som skal hugsast. Maren er imponert over NM-vinnarane. Det er særs gode ekvipasjar som greier å komme seg på topp i denne konkurransen.

Mange vinnarar Forutan BUF, junior-, senior- og lagmeistrar, vart det som nemnd også kåra vinnarar i dei ulike greinene. Ida-Elin Rørstad Sunde og hingsten Kuling vart best i dressuren, og dette er ein hest med flott utstråling. Det er imponerande å sjå at dei vakre fjordhingstane både kan gå i avlen og konkurrere på høgt nivå. Det at dei er såpass rolege og fine med mange hopper rundt seg, tyder på god trening, og eit godt og stabilt lynne. Slike fjordhestar vil vi ha! Det vart også arrangert ein uoffisiell lagkonkurranse under NM i år, der ekvipasjar frå same klubb kunne delta på eit lågare nivå enn i den offisielle lagtevlinga. Denne klassen hadde god oppslutnad, og Volda rideklubb sitt lag med Ida Kristine Standal, Isabell Engjaberg Øye og Randi Maud Mork stakk av med sigaren her.

Ein kan sjå tilbake til flotte fjordhestdagar på Mo. Alle har blitt nokre erfaringar rikare, og deltakarane har forhåpentlegvis blitt inspirerte til å reise heim og trene enda meir. Det å kunne møtast slik, og bli kjend med fjordhestentusiastar frå heile landet, er viktig. Det er kjekt og spennande å trene fjordhest når NM er målet. På spørsmål om kva som er hemmelegheita bak å vinne NM, svarar Norgesmeister i seniorklassa, Isabell Engjaberg Øye slik: – Det er vel ikkje så mykje hemmeleg, men det å trene jamt og trutt, og i tillegg greie å spisse forma i alle dei tre øvingane er det som er tipset. Spesielt det å finne forma i dei tre greinene dressurriding, sprangriding og køyring er spennande. Isabell er glad i dressurriding, og blir trena av Silvia Førde. I tillegg rir ho sprang to gongar i veka, og brukar spesielt vårparten til køyring. Turriding i skogen i variert terreng er god trening for hest og ryttar, legg ho til.

Hesten juniormeistar Grete Elise Sefland rir, Vesleljosen, er til dagleg skulehest ved Stend vidaregåande skule. -Veldig gøy å vinne NM!, seier Grete, og fortel vidare at det ikkje var forventa, i og med at ho berre har ridd hesten Vesleljosen om ettermiddagane på skulen, og no i to veker før NM heime på Eid. Valakken er ein veldig god hest, som gjev alt i konkurransar. Grete vart rundt påsketider spurt om ho ville starte på Fjordhest-NM av hestefaglæraren sin Ove Natland, og ho har fått god hjelp til køyring av hestefaglærar Therese Selle. Seniormeister Isabell er meir røynd i NM-samanheng. Ho vann i 2011, og kom på andreplass i 2010. Isabell seier at Fjordhest-NM er ei oppleving, der ein er i ei eiga boble i ei heil veke, og ho dreg fram det speaker sa at om å sjå så mykje fine fjordhestar på ein plass er fantastisk. Når det i tillegg er eit godt arrangement, eit nydeleg område, og flinke arrangørar, kan det ikkje bli betre.

Takk til alle! Som arrangørar vil vi takke deltakarar, publikum, sponsorar, medhjelparar, funksjonærar, og alle andre som har stått på for å hale i land eit vellukka NM. Vi vil også takke for positive og gode tilbakemeldingar, og for alle dei blide smila og dei kjekke kommentarane vi har fått undervegs. Nye og spennande kjennskap har oppstått i løpet av veka, og den vakre nasjonalhesten vår har forhåpentlegvis fått enda fleire tilhengjarar. Meisterskapen vart avslutta med ein høgtideleg seremoni, der hestar, ryttarar og kuskar marsjerte inn på bana til stilfull musikk. Namna på medaljevinnarar og dei som vann ulike samanlagtsigrar vart lesne opp, men i denne samanhengen er det vel greitt å seie at alle er vinnarar. På seremonien stilte alle med flotte blå jubileumssløyfer. Tretti år med NM er lagt bak, og det blir spennande å sjå kor vegen har gått når nye tretti er tilbakelagt!

 

Resultat

Vinnarar av Fjordhest-NM Senior 2016

Isabell Engjaberg Øye, Foto: Astrid Marie Årdal

Isabell Engjaberg Øye, Foto: Astrid Marie Årdal

Gull: Isabell Engabjerg Øye med Brautar

Sølv: Cassandre Bach-Gansmo med Flemming

Bronse: Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann

Vinnarar av Fjordhest-NM Junior 2016

Grete Elise Sefland, Foto: Else Marie Årdal

Grete Elise Sefland, Foto: Astrid Marie Årdal

Gull: Grete Elise Sefland med Vesleljosen

Sølv: Lene Bergum Pavenstadt med Engsgutten Storm

Bronse: Ane Erdal Byklum med Jakobgardens Vesla

Vinnarar av Fjordhest-NM Lag 2016

Emma, Harald og Trine, Foto: Astrid Marie Årdal

Foto: Astrid Marie Årdal, Vinner lag Førde Køyre- og Rideklubb

Gull: Førde Køyre- og Rideklubb Emma, Harald og Trine

Sølv: Oslo og Akershus FjordhestlagStine, Mia og Cassandre

Bronse: Eid Ride- og Køyreklubb – Annifrid, Liv Jorunn og Miriam

Vinnarar av Fjordhest-NM 4-års BUF 2016

Maren Vevatne med Nesviks Liana Foto: Astrid Marie Årdal

Maren Vevatne med Nesviks Liana Foto: Astrid Marie Årdal

Nr. 1 Maren Vevatne med Nesviks Liana

Nr. 2 Mathilde Strand Johnsen med Von Tor

Nr. 3 Aina Benedicte Huseby med Blåtopps Aria

Vinnarar av Fjordhest-NM 5-års BUF 2016

Foto: Annicken Sørtømme Tannvik

Tone Kvaale med Severin, Foto: Annicken Sørtømme Tannvik Foto: Annicken Sørtømme Tannvik

Nr. 1 Tone Kvaale med Severin, Foto: Annicken Sørtømme Tannvik

Nr. 2 Linn-Melissa Krange med Maysas Varg Veum

Nr. 3 Ingebjørg Ådnegard med Åsa Vilja

Vinnarar av Fjordhest-NM 6-års BUF 2016

Foto: Astrid Marie Årdal

Nina Fejerskov med Torset Daysy Foto: Astrid Marie Årdal

Nr. 1 Nina Fejerskov med Torset Daysy

Nr. 2 Maia Endresen med Nesviks Lano

Nr. 3 Malin Berg med Hauglands Helmik

Vinnar av greinmeisterskap køyring 2016

Harald Løtuft med Finslands Norgrima, Foto: Inger Grønntun

Harald Løtuft med Finslands Norgrima, Foto: Inger Grønntun

Nr. 1 Harald Løtuft med Finslands Norgrima

Nr. 2 Freja Hagen med Sanders Sarek

Nr. 3 Stine Anette Heier med Balder Berger

Vinnar av greinmeisterskap dressur 2016

Ida-Elin R. Sunde og Kuling, Foto: Astrid Marie Årdal

Ida-Elin R. Sunde og Kuling, Foto: Astrid Marie Årdal

Nr. 1 Ida-Elin R. Sunde med Kuling

Nr. 2 Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann

Nr. 3 Annike Mikkelsen med Roselise

Vinnar av greimeisterskap sprang 2016

Foto: Astrid Marie Årdal

Trine Lillestøl Paulsen med Fannemels Argon, Foto: Astrid Marie Årdal

Nr. 1 Trine Lillestøl Paulsen med Fannemels Argon, Foto: Astrid Marie Årdal

Vinnarar av uoffisiell lagkonkurranse 2016

Nr. 1 Volda Rideklubb – Ida Kristine, Isabell og Randi

Nr. 2 Søndre Aas gård kjøre- og rideklubb – Marit, Ane og Marie

Nr. 3 Førde køyre- og rideklubb I – Audhild, Nina og Sissel