I skrivande stund er fire grå fjordhestar frå Noreg på veg til sin nye heim i USA. Ein ser for tida ein auka etterspørsel etter gode fjordhestar, ikkje minst utanfor våre landegrenser.

Sunnyside Farm i Montana driv med avl og bruk av fjordhest og clydesdale. Dei har fokus på å avle fram godlynte og familievenlege fjordhestar, og for å kunne utvide avlsarbeidet har dei no kjøpt fire grå fjordhestar frå Noreg. På stallen står det allereie ein kjent nordmann; den tjue år gamle andrepremiehingsten Smedsmo Gråen.

Wendy Bauwens som driv Sunnyside Farm, er veldig glad i dei grå fjordhestane og avlar berre på denne fargen. Ho har vore på utkikk etter avkom etter den grå hingsten Brijol, og alle tre føla ho har kjøpt frå Noreg er etter han. Brijol er ein nederlandsk hingst som no er eigd og går i avl i Belgia. Han vart lånt ut til Noreg for avlssesongen 2015 og fekk kåringsgrad og vart «dagens hest» under hingsteutstillinga på Nordfjordeid same år. I løpet av sommaren bedekte han 48 hopper, og hadde med det definitivt flest hopper av hingstane som vart nytta i avlen i fjor.

Dei fire hestane som er på veg til USA er:
Kamillas Tyri, hoppe f. 2007 e. Solli Gråen u. Kamilla (drektig med Lavrans)
Kamillas Lykke, hoppe f. 2016 e. Brijol u. Kamilla
Seljeset Wendy, hoppe f. 2016 e. Brijol u. Sølltindra
Brigg, hingst f. 2016 e. Brijol u. Garlina.

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid fortel at dei opplever ei auka interesse for eksport av fjordhest. Dette er positivt for avlsarbeidet både i Noreg og i utlandet; auka interesse for føl og unghest vil kunne vere med på å auke bedekkingstala her heime, og kvalitetsfjordhestar frå Noreg kan bidra positivt til avlen i andre land. Eksport av norsk fjordhest styrkar Noreg si rolle som moderland for fjordhesten. Det fører også til meir interesse rundt avlssystemet i Noreg, samt eit større fokus på kvaliteten på fjordhest både i og utanfor Noreg.

Dersom du vil følgje reisa til dei fire grå fjordhestane og sjå korleis dei får det i sin nye heim, kan du like facebooksida til Sunnyside Farms. Vi gratulerer Wendy med hennar fire nye fjordhestar, og vonar at dei vil bidra positivt til avlen av fjordhest i USA.

img_7700

Første etappe unnagjort! Her har dei fire fjordhestane komt seg til Oslo.