Låge bedekningstal og få fødde føl har i fleire år vore det største problemet for fjordhesten. For andre år på rad opplever vi no ei auke i bedekningstala – forhåpentlegvis var dei kritisk låge tala frå 2014 eit historisk botnnivå.

Under helgas haustmøte på Nordfjordeid tok avlsrådgjevar Siri Furre frå Norsk Hestesenter føre seg avlssesongen 2016. Det er flott å sjå at bedekningstala er på veg oppover, og 253 bedekte hopper i år er ei auke på over 100 marar samanlikna med 2014. Kvar einaste merr som er ført til hingst er viktig for fjordhesten, og me håper at auken i bedekningstala held fram i åra som kjem.

img_2049For at ein populasjon skal vere berekraftig, treng ein tilskot av 200 nye individ kvart år. Med den følprosenten ein ser på fjordhest i dag, må vi ha om lag 400 bedekte hopper for å kome opp på dette nivået. Det er altså framleis ein veg å gå, både med tanke på tal på bedekningar men også når det kjem til innrapportering.

Den innrapporterte følprosenten på fjordhest er ca 54%. Denne er nok ikkje heilt reell, for om lag 29% av hoppeeigarane melder ikkje frå om kor vidt hoppa har fått føl, har kasta eller var tom. Det er viktig å få rapportert inn resultatet av alle bedekningar, for å kunne få eit reelt bilete av følprosenten til dei enkelte hingstane og til fjordhesten generelt. Her er fjordhestfolket mindre flinke enn dølahesten og nordlands-/lyngshesten, som har ein innrapporteringsprosent på hhv. 81% og 89%. Det er ingen grunn til å tru at fjordhesten er mindre fertil enn dei to andre særnorske rasane, men for å kunne bekrefte dette er Norsk Hestesenter avhengig av at alle hoppeeigarar melder inn.

Hoppeeigarar kan melde inn om fødde føl eller at hoppa er tom/har kasta via springsetelen som hingsteeigar sender ut, eller ved å ta kontakt med Norsk Hestesenter på e-post eller telefon. Det er også viktig at ein melder frå om dei føla som av ulike orsakar ikkje veks opp og difor ikkje får pass, for å kunne ha dei med i statistikken.

IMG_7138