bfl-logo
    Under Haustmøtet på Nordfjordeid i helga lanserte styret i Norges Fjordhestlag si nye satsing: Barnas Fjordhestlag.

    Barnas Fjordhestlag er eit samarbeid mellom Norges Fjordhestlag, Langedrag Naturpark og Norsk Fjordhestsenter, og er eit tilbod til fjordhestinteresserte under 15 år. Formålet med Barnas Fjordhestlag er å la barn og unge møte fjordhesten i trygge omgjevnader. Vi ønskjer å bygge gode relasjonar og la barn og unge få gode minne å ta med seg vidare i livet.

    voltige
      Initiativ frå Langedrag
      Initiativtakar for Barnas Fjordhestlag er Marie Thorson Natten, hesteansvarleg ved Langedrag Naturpark. Langedrag har 60 000 besøkande kvar sesong, og deira 35 fjordhestar vert brukte til mange ulike aktivitetar for heile familien. Mykje av grunnen til at dei brukar nettopp fjordhest, er at fjordhesten er ein trygg og tillitsfull hest som på grunn av sitt gode lynne og sine allsidige brukseigenskapar kan gje mange fleire opplevingar enn mange andre raser.


      Meistringskjensle og sjølvtillit

      Det er gjennom fleire studiar vist at å drive med hest har positiv effekt på barn og unge. Aktivitetar med hest fører til betre fysisk og psykisk helse, og å lære å ha ansvar for dyr kan føre til at ein vert flinkare til å ta ansvar på andre område. Å lære seg å samarbeide med hesten gir borna meistringskjensle og sjølvtillit. Gjennom Barnas Fjordhestlag ønskjer vi å legge til rette for at barn og unge kan få ta opplevingane med hesten med seg som byggesteinar for resten av livet.


      Elvira og Oline
        Lågterskeltilbod
        Det vil bli lagt til rette for Barnas Fjordhestlag-aktivitetar på Langedrag og seinare også ved Norsk Fjordhestsenter. Etter kvart kan også dei lokallaga som ønskjer det, arrangere slike aktivitetar lokalt.  Dette er eit lågterskeltilbod der alle barn og unge som er interesserte i fjordhesten kan melde seg inn og delta.

        På Langedrag vil det verte arrangert fleire ulike aktivitetar med fjordhest retta mot born og unge. Det første på planen er Fjordhestsamling for born i februar neste år. Til sommaren vil dei arrangere Langedragsskeid for rideleirelevar og andre besøkande.

        I støypeskeia
        Barnas Fjordhestlag er enno i støypeskeia. Norges Fjordhestlag vil setje ned ei styringsgruppe for satsinga, som skal utvikle dette vidare i samarbeid med styret, aktivitetsutvalet, Langedrag og Norsk Fjordhestsenter. Ein håpar å få på plass ulike aktivitetar gjennom året, til dømes ved Norsk Fjordhestsenter og på ulike arrangement rundt i landet. Nærare informasjon om dette vil kome.

        T-skjorte og aktivitetshefte
        Alle born som melder seg inn i Barnas Fjordhestlag får tilsendt t-skjorte med logo. Det vil også bli utarbeidd eit aktivitetshefte med tips til kjekke aktivitetar ein kan gjere med fjordhesten. Dette vil medlemmane få tilsendt. Kunne du tenkje å melde inn ditt barn i Barnas Fjordhestlag? Sjå HER for meir informasjon.

        bfl

          Share This