img_1796Ørsta og Volda Fjordhestlag har i fleire år arrangert samlingar for unghestar og vaksne hestar som skal på utstilling. Dette er ein sosial og lærerik aktivitet som det er enkelt for lokallaga å arrangere, og det gir stor gevinst i form av miljøtrening, kunnskapsutveksling og sosialt samvær.

Å halde samling før unghestskue og hoppeutstilling har vorte eit fast innslag i aktivitetsplanen til Ørsta og Volda Fjordhestlag, men no trappar dei opp. Frå og med i haust har dei planar om å arrangere ei samling i månaden med fokus på  førebuing til utstilling for dei hestane som skal stillast neste år. Andre hestar og hesteinteresserte kan også dra nytte av å delta.

Leiar i Ørsta og Volda Fjordhestlag, Lisbeth Myklebust, seier at dei ynskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod. Ved å bruke ressurspersonar ein allereie har i laget, får ikkje laget kostnader på aktiviteten og medlemmane treng heller ikkje betale noko. Det viktigaste er å skape aktivitet i laget, og å stimulere til at fleire viser hestane sine på utstilling. For dei som ikkje har stilt ut så mykje hest, kan det vere til stor hjelp å få innspel og råd frå personar med mykje erfaring.

img_1763Den første samlinga etter beitesesongen vart halden i dag, og fokuset var på innkøyring. Even Myklebust, som har drive med avl og utstilling av fjordhest i mange år, fortalde om dei ulike prosessane han går gjennom i innkøyringa for å førebu hesten til forspenning. Even meiner at det aller viktigaste er å vere tolmodig – ein må ikkje gå for fort fram. Ein skal vere sikker på at hesten er klar for neste steg før ein går vidare i utdanninga, då vil ein gi hesten gode opplevingar og ha større sjanse for å få ein trygg køyrehest. Unghestar som er under innkøyring kan gjerne taumkøyrast fleire gongar i veka, korte økter med terping på det grunnleggande gir gode resultat. Even hadde med seg toårshoppa Sjurtun Silja (e. Fløgstad Odin) som er under innkøyring, og han viste korleis han jobbar med å venne hesten til lause drag.

Etter denne demonstrasjonen vart det laga til ei løype for hestane som deltok på samlinga. Den bestod av kjegler, presenning, pallar til å stige opp på, bommar, ei tom syrekanne og lause drag. Ei slik løype passar fint når det deltek hestar som er på ulike stadar i utdanninga, ein kan både leie, taumkøyre eller ri igjennom hindringane. Å møte nye utfordringar på ein ny stad med fleire andre, ukjente hestar er god miljøtrening. Når ein skal på utstilling er det veldig nyttig for hesten å ha vore igjennom liknande situasjonar tidlegare.

img_1813

Kva som vert temaet for dei neste samlingane Ørsta og Volda Fjordhestlag skal arrangere er enno ikkje bestemt. Styret vil gjerne ha innspel frå medlemmane om kva dei ynskjer å lære meir om eller treng hjelp til. Eksempel på tema til samlingar kan vere manking, fôring fram mot utstilling, ulike faser i innkøyringsprosessen, mønstring eller å gå igjennom køyreprøva. Dette er samlingar som alle fjordhestlag kan arrangere, og rådet frå Ørsta og Volda Fjordhestlag er å legge lista lågt. Ein treng ikkje leige inn instruktørar, i staden kan ein nytte seg av dei ressurspersonane ein har i lokallaget. Det er veldig mange som driv med fjordhest som sit på mykje kunnskap dei med glede deler med andre.

I «Verktøykassa for lokallaga» er det foreslått mange ulike aktivitetar for lokallaga. Slike samlingar er eit godt eksempel på ein aktivitet som er enkel å arrangere, og som er lærerik for både hestar og folk. Lisbeth Myklebust i Ørsta og Volda Fjordhestlag er svarer gjerne på spørsmål du og laget ditt måtte ha om å arrangere slike samlingar. Kontaktinfo finn du i kapittel 2 i Verktøykassa.

img_1781

Åringshoppa Akslen Hansine e. Severin gjekk fint over pallane

 

img_1807

Ei tom syrekanne er ikkje noko problem for Celin e. Severin

 

Milli e. Severin klatrar på pallar

Milli e. Severin klatrar på pallar