Norsk Hestesenter på Starum har sidan tidleg på nittitalet hatt ansvaret for utdanning av eksteriør- og bruksprøvedommarar i Noreg. Norsk Hestesenter ynskjer at lokallaga i Norges Fjordhestlag kjem med innspel til nye kandidatar for dommarutdanninga.

Dei fleste hesterasane som vert stilt ut i Noreg fylgjer Norsk Hestesenter sine reglar og vert dømt av dommarar derfrå. I andre land er det ikkje vanleg å ha ei sentrert dommarutdanning slik me har i Noreg, der er det dei enkelte raseorganisasjonane som står for utdanning av dommarar for sine raser. På grunn av at mange ulike raser vert vist på dei same utstillingane her i landet, må dommarane kjenne godt til særpreg og reglement for fleire raser enn sin eigen.

Norges Fjordhestlag og dei andre raseorganisasjonane foreslår kvart år gode kandidatar for eksteriør- og bruksprøvedommarutdanninga. Lokal-, distrikts- og fylkeslaga melder i frå om personar dei meiner kan vere eigna til dette. Norges Fjordhestlag  gjer ei vurdering og sender deretter inn forslag til Norsk Hestesenter.

Dei som er foreslått som eksteriørdommarar må først ta ei opptaksprøve for å bevise at dei har gode grunnkunnskapar om hest. Dei som etter opptaksprøva vert godkjent som dommaraspirantar må i løpet av aspiranttida vere med på utstillingar og skrive for minst 100 hestar. Det er viktig at aspirantane vert kjent med systemet for eksteriørdøming og venner seg til terminologien som vert brukt.

img_2653

Kvar haust vert det arrangert kurs for aspirantane på Starum. Her er det tre tema som rullerer frå år til år, og når aspirantane har delteke på alle tre kursa og skrive for minst 100 hestar må dei ha tentamen. Den går ut på å døme fire hestar åleine. Seinare kan aspirantane ta eksamen, som består av både ein praktisk og ein teoretisk del, før dei får tittelen eksteriørdommar. Det aspirantane må igjennom er eit absolutt minimum; jo fleire hestar ein er med på å døme, jo meir lærer ein. Norsk Hestesenter oppfordrar alle, både aspirantar, dommarar og andre hestefolk, til å ta på seg «dommarbrillene» kvar gong ein ser ein hest. Å trene opp dommarauget er svært nyttig, og ein kan ikkje få for mykje kunnskap og erfaring på dette feltet.

Etter eksamen deltek dommarane på årlege dommarsamlingar. Det vert arrangert både rasespesifikke og felles samlingar på tvers av raser.  Det er både naudsynt og viktig at dommarane følgjer opp ved å delta på dei årlege dommarsamlingane,  for å oppdatere seg på ny kunnskap og dele erfaringar med kvarandre, med organisasjonen og med leiar i kåringsnemnda. På samlingane vert det fokusert på ulike tema som dommarane må ha mykje kunnskap om – anatomi, eksteriør, bein, rørsler, rørslene si korrektheit, fargar, reglement, måling, dommaretikk og utfylling av dommarkort.

Norsk Hestesenter skal starte opp med introduksjonskurs med grunnleggande informasjon for dei som trur at det å vere eksteriørdommar er noko for dei. Desse kursa skal arrangerast på dei tre nasjonale hestesentera. Formålet med introduksjonskursa er at alle som kjem til Starum for å avlegge opptaksprøve har den same grunnleggande kunnskapen om hest. Norsk Hestesenter ynskjer også å nytte Noregsmeisterskapa for dei særnorske rasane som ein læringsarena for dommaraspirantar. Her får ein sett mykje hest i bruk og ein får øve på å døme rørslene til hesten. Det er også ynskjeleg at dommarar og aspirantar reiser utanlands for å sjå fleire hestar og verte kjend med andre system, og Norsk Hestesenter vil gjerne støtte slike reiser økonomisk.

Per dags dato har Norsk Hestesenter nok dommarar, men sidan utdanninga tek fleire år er det viktig at ein har mange aspirantar. Nokre dommarar fell ut på grunn av alder, og til nokre utstillingar er det vanskeleg å få dommarar til å møte. Norsk Hestesenter ynskjer difor fleire nye eksteriør-  og bruksprøvedommarar, slik at ein unngår dommarmangel i framtida.

Norges Fjordhestlag ynskjer at lokallaga kjem med innspel til personar som hadde vorte gode eksteriør- eller bruksprøvedommarar. Kjenner du nokon du trur kunne vore egna? Meld i frå til lokallaget ditt!

Norsk Hestesenter har utforma krav for å bli eksteriørdommar. Desse krava finn du HER.