Fjordhesten er populær som brukshest i Noreg, og er mykje brukt i konkurransar i mange ulike greiner. Fleire og fleire startar klasser under Noregsmeisterskapen for fjordhest, og etterspørselen etter gode brukshestar er stor. Kva er viktige kvalitetar hos ein fjordhest som skal verte ein god og allsidig brukshest, og korleis får ein ut maksimalt potensiale i den hesten ein har?

Under Norges Fjordhestlag sitt Haustmøte på Nordfjordeid i oktober, vart det halden ein demonstrasjon der fleire fjordhestar vart vist fram i bruk. Ein fekk sjå hestar med ulikt eksteriør, og det vart forklart korleis hestane sitt eksteriør påverka både rørslene og andre kvalitetar som brukshest. Hestane vart kommenterte av eksteriørdommar Kari-Anne Indrebø og dressurdommar Ida-Elin Sunde, som også rei hestane.

img_1085Blant hestane fekk ein sjå både premierte hingstar og hestar utan premiegrad, samt Noregs høgst bedømte fjordhoppe, Alma, som har 49 av 50 moglege eksteriørpoeng. Kommentarane frå eksteriørdommar og dressurdommar samsvarte i stor grad, og demonstrasjonen viste tydeleg at dei hestane som har eit eksteriør som er ynskjeleg på fjordhesten, også fungerte godt i bruk. Det er altså svært viktig at hesten har eit godt eksteriør når ein skal forme ein god og allsidig brukshest. Eit hensiktsmessig og godt eksteriør gir hesten gode føresetnader for å klare å gjennomføre alle dei ulike oppgåvene som vert kravd av ein allsidig brukshest som skal fungere godt i fleire greiner.

 
img_0918liteDet kanskje aller viktigaste for haldbarheita til hesten, er at han har gode, velstilte bein som toler den belastninga han vert utsett for. Skeivheiter i eitt eler fleire bein vil kunne føre til skeivbelastning og slitasjeskader, noko som går ut over hesten si haldbarheit. Små feil og skeivheiter gjer sjeldan store utslag, men ver obs på at feil som berre finnast på det eine beinet vil kunne føre til at motsett bein får meir belastning, og då er hesten meir utsett for slitasjeskader. Når ein ser på aktuelle hestar er det veldig lurt å sjå hesten bevege seg framanfrå. Ein hest som padlar med frambeina vil kunne kakke borti seg sjølv og utvikle overbein, som igjen kan hemme rørslene. Slike feil i rørslene si korrektheit bør ein difor unngå.

Ulike greiner stiller ulike krav til hesten sitt eksteriør. Dei fleste som konkurrerer med fjordhest ynskjer ein allsidig hest som kan fungere i både dressur, sprang og køyring. For ein god allroundhest er det veldig positivt med litt lengde på hals og nakke. Det er også tilrådeleg å velje ein hest som har ein god vinkel på skuldra. Ein steil bog vil kunne gjere rørslene korte, og galoppen vert ofte låst. Ein lang hest er vanskelegare å ri og samle enn ein meir kompakt, og ein lang rygg kan ofte vere svak og bør difor unngåast. Ein hest som er lett i front har lettare for å bruke bakparten aktivt, og dette er positivt for ein hest som skal brukast til dressurriding og – køyring.

img_7868Få hestar har perfekt eksteriør, men dersom hesten har gode rørsler vil dette i mange tilfelle kunne vege opp for eksteriørfeil. Nokre hestar klarer å bevege seg mykje betre enn det eksteriøret deira skulle tilseie, og har hesten gode rørsler i botnen har ein eit godt utgangspunkt. Av gangartane er travet det mest regulerbare, og er difor den det er enklast å forbetre gjennom trening.  Skritt og galopp er ikkje like lett å påverke, og det er difor viktig at hesten har gode grunnkvalitetar i desse rørslene. Skrittet skal vere taktfast og gjerne med overtramp. Fjordhesten har ofte ein tung galopp, og mange har lett for å hamne på framparten. Ein hest som har lett for å galoppere, som er lett i framparten og har ein god, taktfast, galopp er ynskjeleg. Med målretta trening vil ein kunne påverke hesten i positiv retning, og gjere hesten sine rørsler enno betre.

Hesten må også ha det rette lynnet for å kunne verte ein god brukshest. Dersom ein vil satse og kome høgt opp i klassene, må hesten ha vilje og temperament – den må kunne gi «det vesle ekstra». Hesten bør vere vaken, men utan å verte redd og skvetten. Ein lettlært hest med god framdrift og arbeidsvilje vil kunne bli ein god og allsidig brukshest.

13619984_1126790587381662_1752970093069694703_nDette er første del i artikkelserien «Korleis skape ein god brukshest?» Serien er basert på intervju med Ida-Elin R. Sunde. Ida-Elin er 25 år og har mykje erfaring med fjordhest, konkurransar og utdanning av hest. På Stall Sundedalen i Bud utanfor Molde har ho fleire eigne hestar, i tillegg til at ho tek i mot hestar i trening i både riding og køyring. Ho har fagbrev i hestefag, ridelærarutdanning frå Danmark og er utdanna dressurdommar II. Ho rir konkurransar med den andrepremierte hingsten Kuling, som ho har starta dressurklasser opp til Prix St. Georg med. Ida-Elin og Kuling vart greinmeister i dressur under fjordhest-NM 2016 og tok sølv i dressur under EM for fjordhest same år. Tidlegare har Ida-Elin vunne NM junior med hoppa Hagesilja.