I helga vart det arrangert «Jul i stallen» på Norsk Fjordhestsenter, der elevar ved Fjordane Folkehøgskule for fjerde år på rad var med på å spreie juleglede til innbyggjarane på Nordfjordeid. 

15310290_10157721682740618_1576157950_n
    Det er elevar ved Fjordane Folkehøgskule som står bak arrangementet på Norsk Fjordhestsenter, som vart arrangert for første gong i 2013. Elevane ynskja å lage ein annleis julemarknad, med fokus på å gje noko tilbake til lokalsamfunnet samt å gjere ein innsats for organisasjonar som driv med viktig, samfunnsnyttig arbeid. Ved å i fellesskap jobbe for å gjere noko for andre, set elevane fokus på det dei meiner jula eigentleg handlar om. I år gjekk halvparten av overskotet frå marknaden til forsking på sjukdomen ALS.

    Under «Jul i stallen» foregjekk det mange ulike aktivitetar – barneriding, stell av hest, vikingleir med leikar, eventyrstund, marknad med sal av handlaga produkt, køyring med hest og vogn, smådyrhjørne og kiosk. I tillegg arrangerte elevane show med innslag frå dei ulike linjene ved folkehøgskulen – hest, sirkus og vikingliv. Siri Merete Endal, lærar på hestelinja, seier at elevane stortrivdes med å lage til dette arrangementet. Arbeid på tvers av linjene gav folk nye erfaringar, og det å vite at dei jobba saman for ei god sak var veldig motiverande, fortel ho.

    15321617_10157721713435618_1891195749_o
      Det viktigaste ved «Jul i stallen» er å gi små og store gode opplevingar, og her var fjordhesten ein sentral aktør. Ein får ei unik stemning når ein kombinerer jul og dyr, og det å sjå fjordhesten i ein slik situasjon gir ein automatisk assosiasjonar til gamle, norske juletradisjonar. Norsk Fjordhestsenter har fleire stødige hestar som vert brukt i undervisninga på folkehøgskulen, og desse stilte trufast opp på arrangementet og spreidde julestemning saman med elevane. Barneridinga var ein av dei mest populære aktivitetane, og mange fekk nok ei minnerik helg takka vere fjordhesten.

      «Jul i stallen» hadde fleire hundre besøkande, og arrangementet fekk berre positive tilbakemeldingar. Å invitere folk til å dele gode opplevingar med fjordhesten er ein fin aktivitet som lokallaga i Norges Fjordhestlag også kan arrangere. Ikkje alle har moglegheit til å lage like omfangsrike arrangement som det på Norsk Fjordhestsenter, men også små arrangement med hest kan skape mange gode minner for både born og vaksne.

      Tenkjer du at «Jul i stallen» gjerne er noko du skulle hatt med deg, så sjå ikkje vekk frå at du får ein ny sjanse neste år!

      15356784_10157721681595618_1212200858_n

        jul-i-stallen

          15281926_10157721680015618_1244522995_n

            15320432_10157721678020618_958136708_n

              Alle foto: Ingrid S. Hansen

              Share This