I tysdagens episode av programmet «Klart eg kan» på NRK Super, fekk vi møte åtte år gamle Karoline som viste fram fjordhesten Leik på følskue.

Karoline Løken-Nesthun har vekse opp på Nordfjordeid, på ein gard der det alltid har vore fjordhest. Både mor og bestefar er engasjerte fjordhestfolk, så det er lett å sjå kvar ho har fått fjordhestinteressa frå. Karoline har vore med på mange utstillingar, men har aldri stilt hest sjølv – før no. I programmet får vi sjå at Karoline er med når følet Leik kjem til verda, og i gjennom sommaren trenar ho på å leie følet så dei vert klare til følskue.

Korleis det går med Karoline og Leik på den store dagen kan du sjå HER.

Foto: Remi Sagen/NRK