Årets første unghestskue har allereie gått av stabelen, og i løpet av året skal mange fjordhestar visast på utstillingar over heile landet. Noko av det viktigaste som skjer på ei utstilling er mønstring av hesten, og god mønstring er viktig for eit godt resultat.

Når ein stiller fjordhest, er det tradisjon å bruke mørk bukse, kvit skjorte og vinraudt slips.

Målet for alle som stiller hest er at hesten skal vise seg frå si aller beste side. Det er mykje jobb for utstillar både før og under utstillinga. Før utstillinga må ein trene på mønstring, og i tillegg må ein syte for at hesten er rein, velstelt og pent manka på utstillingsdagen.

Den som mønstrar skal ikkje ta fokus vekk frå hesten, og det er difor viktig å stille i nøytrale kle. Når ein stiller fjordhest er det tradisjon å bruke mørke bukser, kvit skjorte og vinraudt slips, eventuelt med ein svart vest, jakke eller genser over på kalde dagar. Andre kle kan også brukast, men det er viktig at ein er pent og nøytralt kledd.

Mønstring er noko av det viktigaste som skjer på ei utstilling. Dersom hesten vert mønstra pent får ein vist hesten frå si beste side, og gir på den måten dommarane eit best mogleg utgangspunkt til å sjå kva som bur i hesten. Dersom hesten ikkje vert mønstra godt går det ofte ut over karakteren på rørsler, då hesten ikkje får vist sitt fulle potensial. Korleis hesten oppfører seg under mønstring er også med på å gi dommarane eit inntrykk av hesten sitt gemytt, som også vert vektlagd.

Fjordhestar vert mønstra i skritt og trav, i tillegg til at dei vert stilt opp for dommarane slik at dei kan bedømme eksteriøret. Det vert vanlegvis mønstra i ein trekant, der ein skal stoppe opp og vende for kvart hjørne. Hingstar som ikkje har vorte kåra før vert også lausmønstra, men når ein stiller hopper, vallakar og unghestar er mønstringa i ringen den einaste sjansen til å få vist fram rørslene til hesten. Det er difor viktig at ein har trena på dette.

Unni Sørtømme har mønstra mange hestar på utstilling.

Ei av dei som har stilt mange hestar og etter kvart har fått mykje erfaring på området, er Unni Sørtømme frå Børsa i Trøndelag. Ho stilte sin første hingst på hingsteutstillinga på midten av nittitalet, og har sidan den gong mønstra mange hestar på utstilling. Ho meiner det er lett å sjå på ei utstilling kven som har øvd på mønstring på førehand, og kven som ikkje har det. Ho fortel også om ein feil ho ser at mange gjer, og som kan påverke kva inntrykk dommarane får av hesten. «Mange hindrar hestane sine i å få vist fram dei rørslene dei har. Det er viktig at ein går ved skuldra til hesten, og at ein gir hesten langt nok leietau. Då vil hesten lettare verte avslappa, få energi inn i steget og aktivisere bakparten. Dersom ein held att hesten vil stega verte kortare, og hesten vil ofte ikkje få meg seg bakparten og få eit godt overtramp» seier ho.

Det er lett for at hestar, kanskje spesielt hingstar, vert øsne når dei er på ei utstilling. Det er mykje som skjer rundt dei, og på våren herjar hormonar i både unge og eldre hestar. Har ein trena mykje på mønstring før utstilling, vil det vere lettare å få hesten til å konsentrere seg om oppgåva si i ringen. Det aller vanskelegaste ved å mønstre meiner Unni er å vise fram eit godt skritt med god takt og flyt, fordi hesten må vere avslappa for at ein skal få til dette.

Unni har til ei kvar tid fleire hestar på stallen, og til årets hingsteutstilling kjem ho med to hingstar. Den eine er ein treåring som aldri har vore stilt på utstilling før, medan den andre er eldre og meir rutinert. «Eg trenar mønstring med alle hestane mine som skal visast, også dei som har gjort det mange gongar før», seier ho. «Det er også viktig at eg trener meg sjølv, slik at eg får opp sjølvtillita og kjenner meg klar til å vise fram hesten.» Unni foreslår at ein legg inn mønstringstrening som ein del av den daglege handteringa og treninga av hesten. For unghestar, som gjerne lærer best om dei får korte økter ofte, kan ein legge inn element frå mønstring når ein leier hesten til og frå luftegarden. Lær hesten å stoppe og stille seg opp, og ver bevisst på at du går ved skuldra på hesten når du leiar dei. Ein hest som er drilla i dette, vil ikkje like lett miste fokus når dei vert gira og øsne på utstillinga.

Ein (nesten) usynleg mønstrar.

Som mønstrar skal ein prøve å vere så usynleg som mogleg – det er hesten dommarane skal sjå, ikkje mønstraren. Eitt triks Unni brukar for å få mest mogleg fokus på hesten, er å flytte sine eigne bein likt med hesten sine. Når dommarane ser hesten frå sida, vil ikkje mønstraren sine bein syns.

Rundt om kring i landet er hestar og utstillarar i full gong med førebuingane til årets unghestskue og ikkje minst til hingsteutstillinga. Har du enno ikkje byrja å øve på mønstring med hesten du skal stille i vår, så er det berre å setje i gong. Vi gler oss til å sjå mange nypussa hestar og flinke mønstrarar på utstilling i vår!

 

På nettsidene til Norsk Hestesenter finn du utstillingsreglement og mønstringsbrosjyre.