Foto: Monica Bringedal

    Natt til laurdag kom årets første fjordhestføl til verda. Førstepremiehoppa Birkelid Prinsessa fekk eit vakkert hoppeføl etter Major.

    Eigar Monica Bringedal var til stades under føllinga, som gjekk fint føre seg. Frå vatnet gjekk til følet var ute tok det seks minutt, og etter ein times tid var følet på beina og drakk. Den vesle hoppa, som førebels er namnlaus, er frisk og sprek. Dette er Birkelid Prinsessa sitt femte føl, og det andre som er fødd hjå Monica i Haugesund.

    Prinsessa fekk eit hingsteføl etter andrepremiehingsten Major i fjor, på nøyaktig same dato. Dette følet likte Monica så godt at ho valde å bedekke med same hingsten ein gong til. «Major er ein veldig jamn og god hingst med ei flott utstråling» seier ho. «Han har få eksteriørmessige feil, og utfyller hoppa mi godt. Han har òg eit godt lynne, noko som er viktig for meg når eg skal velje hingst.»

    Monica kjente Prinsessa i fleire år før ho kjøpte hoppa, og har god kjennskap til avkoma ho fekk hjå førre eigar. Desse skildrar Monica som vakre fjordhestar med godt lynne. «Dei er smarte og glade i folk – akkurat slik ein fjordhest skal vere» seier ho. Prinsessa sine avkom har også gjort det godt på utstilling. Dei to hoppene ho har etter seg frå før, Skogheims Rosalin (e. Fjelltor) og Skogheims Tindra (e. Fjordbækken’s Sidan) har begge vunne landsfinalen for unghest.

    Følet er til sals, og det vert spennande å sjå kva framtida bringer for denne vesle frøkna. Prinsessa skal bedekkast på nytt i sommar, men kva for hingst det blir med er enno ikkje bestemt.

    Vi i Norges Fjordhestlag set pris på kvart einaste fjordhestføl som vert fødd, og gler oss til å sjå mange nye små kome til verda i løpet av våren og sommaren. Det er dei som er framtida for fjordhesten!

     

      Foto: Monica Bringedal

      Dette er det første fjordhestfølet vi kjenner til at er fødd i år, men vi tek atterhald for at det kan ha kome tidlegare føl som vi ikkje har informasjon om.

      Share This