Frå og med neste nummer har medlemsbladet «Fjordhesten» ny redaktør. Ho heiter Aurora Leivdal Haavik, er 27 år og busett på Nordfjordeid.

Aurora er oppveksen på eit småbruk i Leivdalen i Eid kommune, der dei har hatt hest sidan ho var lita. Sin første fjordhest fekk ho i julegåve då ho var ti år, og for konfirmasjonspengane sine kjøpte ho hoppa Turboline Vidvei, som framleis er i hennar eige. Saman med Turboline har Aurora starta mange køyrestemner, og køyring er den greina både hest og eigar trivs best med. Turboline har også vorte brukt i avl, og er mor til andrepremiehingsten Turbo Romeo. Aurora er klar på at det vert både fleire stemner og fleire føl i framtida.

Aurora er oppdrettar på andrepremiehingsten Turbo Romeo (e. Solli Gråen u. Turboline Vidvei)

Aurora har ikkje tidlegare erfaring med journalistikk, men ho er sikker på at arbeidet med medlemsbladet vert både kjekt og interessant. Ho gler seg til å delta på arrangement som handlar om fjordhesten, og å formidle kunnskap om rasa vidare til medlemmane i Norges Fjordhestlag. «Eg har hatt så mykje glede av fjordhesten, og dette er min måte å gi noko tilbake til rasen på» seier ho.

Eitt tema som Aurora veit ho vil ta opp i bladet er fjordhesten i utlandet. Dette er kanskje ikkje ei stor overrasking for dei som kjenner ho, for Aurora har budd og drive med hest mange stadar i verda. Då ho var ferdig med vidaregåande flytta ho til USA for å jobbe på ein fjordhestgard i Oregon. Der fekk ho halde på med hest på heiltid, og hadde mange ulike arbeidsoppgåver som til dømes stallarbeid og trening av hestane på garden. Etter dette jobba ho eit halvt år på ein westernranch i Tyskland, der ho fekk opplæring i ein heilt ny ridestil. Aurora har også budd tre år i England, der ho tok ein bachelor i hestefag og forretningsdrift ved Writtle University College.

På studiet ho tok i England skreiv ho mange oppgåver og fagtekstar om hest. Temaet på hovudoppgåva hennar var marknadsføring av fjordhesten, og det ho lærte av å skrive den vil ho ta med seg inn i arbeidet med medlemsbladet. I samband med denne oppgåva gjennomførte ho ei undersøking for å finne ut kva for haldningar folk hadde til fjordhesten, og der kom det fram at folk stort sett nyttar positive ord som til dømes stødig og allsidig når dei skal skildre fjordhesten. «Vi har ein veldig flott hest som vi har all grunn til å vere stolte av» seier ho, og fortel at ho i bladet vil fokusere på allsidigheita i rasen ved å vise fram og inspirere til ulik bruk av fjordhesten.

Aurora og Turboline trivs begge best med køyring

Aurora vil at «Fjordhesten» skal vere eit blad som passar for alle medlemmane i Norges Fjordhestlag, der både dei som har drive med fjordhest i årevis og dei som nyleg har fått interesse for rasa finn interessant lesestoff. I tillegg til å skrive mykje om fjordhesten vil ho også ha fokus på fjordhestfolket og tradisjonane og kunnskapen vi har bygd opp kring rasa.

Det første bladet Aurora er redaktør for er nummer 2/2017. Dette hamnar i postkassa di i midten av juni. Norges Fjordhestlag er glade for å ha fått Aurora med på laget, og vi gler oss til å lese mykje godt stoff i «Fjordhesten» framover.