Norges Fjordhestlag ynskjer å hylle dei som står på for å avle og vise fram gode fjordhestar. På utstillingsmiddagen under hingsteutstillinga på Nordfjordeid fredag, vart prisen for «Årets utstillar 2016» delt ut.

Vinnar av prisen for «Årets utstillar» i 2016 er Even Myklebust. Dette er nok eit kjent namn for dei fleste i fjordhestmiljøet – Even Myklebust har vore aktiv som avlar og utstillar i ei årrekkje, og har gong på gong møtt opp på Nordfjordeid med flotte hingstar.

I fjor stilte han ut heile tre treårshingstar, som alle fekk kåringsgrad. Dette var hingstane Højgaards Nicko (e. Fløgstad Odin), Lavrans (e. Balder Mann) og Herr Fin (e. Fjordbækken’s Sidan).

Even hadde også tre flotte hopper som vart vist på unghestskue i Ørsta. Sjurtun Silja sto som nummer tre og Lille Emma som nummer to i kvalitet, og Kaisas Dina vart spiss i klassa for toårshopper. Alle hoppene er etter Fløgstad Odin. Even har også stilt ut ei hoppe som fekk 1. premie allereie som fireåring. Ho heiter Linn og er e. Prins Eikås u. Ruth.

Herr Fin

Højgaards Nicko

Lavrans

Lille Emma

Kaisas Dina

Sjurtun Silja

Linn

Oppdrettaroppgjeret har to prisar: ein for oppdrettar og ein for utstillar. Poenga vert gitt basert på hestar som er vist på utstilling i Noreg i løpet av sesongen. Prisen vert delt ut under festmiddagen på hingsteutstillinga året etterpå. I tillegg til resultat frå utstiling får oppdrettar også poeng for hestar som deltek på NM og stiller i samandraga for NM junior, NM senior eller samandraga for Beste Unge Fjordhest (BUF).

Oppdrettaroppgjeret baserer seg på data frå Norsk Hestesenter som vert rapportert inn på slutten av året. Dersom ein hest har skifta eigar før dette, kan det vere vanskeleg å fange det opp. Vi beklager at dette har hendt i år, men det har ikkje hatt betydning for resultatet.