Kvart år deler styret i Norges Fjordhestlag ut ein eigen marknadsføringspris til nokon som har gjort ein særleg innsats for og med fjordhesten, og som gjennom sitt virke har marknadsført fjordhesten på ein god måte. Styret i Norges Fjordhestlag har vald å gi marknadsføringsprisen for 2016 til Langedrag naturpark ved Marie Thorson Natten.

    Edvin og Eva Thorson starta Langedrag naturpark i 1978. Edvin fekk augo opp for fjordhesten då han deltok på Landsutstillinga for landbruket i 1959, og etablerte seinare Ekeberg rideskole og husdyrpark i Oslo. Her var fjordhesten bærebjelken i verksemda, og mange born og unge i Oslo fekk gode og nye opplevingar med fjordhesten på rideskulen. Seinare fekk Edvin høve til å realisere sin draum om ein stad der menneske og dyr kunne leve i pakt med naturen, og han etablerte Langedrag naturpark i Hallingdal.

    Langedrag har heilt sidan starten hatt fjordhestar i sitt daglege virke, i eit stort omfang. I tillegg til ei rekkje andre dyr har dei i dag 35 fjordhestar, og er med dette blant dei som har flest fjordhestar i heile landet. For å forstå kor stor marknadsføringsverdi Langedrag har for fjordhesten, må ein sjå på talet besøkande. På eitt år er det 60 000 menneske innom, som alle får møte fjordhesten i løpet av opphaldet. Langedrag promoterer fjordhesten for eit publikum som er så stort at få – om nokon – andre i Noreg kan vise til det same. Dei besøkande får sjå velstelte, godt temte fjordhestar i flott norsk natur.

      Voltige på Langedrag

      I 2001 og 2003 viste NRK tv-serien «Vi på Langedrag», der fjordhesten hadde ei naturleg rolle. Denne serien hadde heile 27 episodar og høge sjåartal, noko som òg er svært god fjordhestreklame.

      Edvin og Eva Thorson dreiv Langedrag naturpark i ei årrekkje. For nokre år tilbake tok dottera Tuva over som dagleg leiar, og dottera hennar igjen, Marie, er i dag hesteansvarleg ved Langedrag.

      I fjor var Marie initiativtakar til å opprette Barnas Fjordhestlag saman med Norges Fjordhestlag. Ho ynskte å skape ein arena der born kunne møte og bli glad i fjordhesten i trygge rammer, og resultatet har vorte eit eige fjordhestlag for born. Som den initiativrike og effektive personen ho er, har Marie allereie hatt første samling for medlemmer i Barnas Fjordhestlag. Barna vart invitert til ei triveleg fjordhesthelg på Langedrag.

        Marie Thorson Natten tok i mot prisen under utstillingsmiddagen.

        Norges Fjordhestlag er svært takksame for den uvurderlege jobben som vert gjort på Langedrag når det gjeld marknadsføring av fjordhesten, og vi set stor pris på det samarbeidet vi har med Langedrag om Barnas Fjordhestlag.

         

        Share This