I år gjennomfører Norges Fjordhestlag eit hoppelinjeprosjekt for å ta vare på genmateriale som står i fare for å forsvinne. No er dei ti hoppene som får avlstilskot gjennom prosjektet plukka ut.

Hoppelinjeprosjektet er eit fellesprosjekt mellom Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest, Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest, Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter. Bakgrunnen for at prosjektet vart sett i gong er at ein ynskjer å ta vare på og vidareføre genmateriale frå hoppestammer som ein ser står i fare for å døy ut.

Med så låge bedekkingstal som me har hatt dei siste åra, har faren for å få eit stort problem med innavl auka drastisk. Her må ein vere føre var, og ta tak i situasjonen før det har gått så langt at ein ikkje kan snu. Hoppelinjeprosjektet fokuserer på hoppene, og målet er å vidareføre gener som gir ein større genetisk variasjon på fjordhestane som vert fødde.

I tillegg til at ein får avla fram føl med interessante stammer, fekk ein også gjennom påmeldinga til prosjektet meir informasjon om avlsmaterialet ein har tilgjengeleg. Norsk Hestesenter sine register kunne ikkje nyttast til å plukke ut dei mest aktuelle hoppene, fordi mange ikkje har meldt inn om døde hestar. Ein har difor ikkje god nok oversikt over kva for dyr som er tilgjengelege for avl, og hoppeeigarar måtte difor sjølve melde inn hoppene sine til prosjektet.

Det var stor respons på prosjektet, og 132 fjordhopper vart meldt inn. Stammane til desse hoppene vart analysert i dataverktøyet EVA for å finne fram til dei mest aktuelle hoppene, samt kva slags hingstar som stammemessig passa til dei. Desse resultata vart deretter sendt til Norges Fjordhestlag, der ei arbeidsgruppe beståande av blant anna personar frå avlsutvalet og personar med avlskompetanse plukka ut aktuelle hopper.

Lista vart først korta ned til omlag 20 hopper, før ein valde ut ti hopper blant desse. Sidan det var meldt inn mange gode og høgst aktuelle hopper, vart det prioritert å ta med dei premierte hoppene i første omgong. Dersom nokre av dei som er plukka ut av ulike årsakar må trekkje seg, vil ein supplere med andre hopper slik at det vert gitt tilskot til ti bedekkingar.

Norges Fjordhestlag oppmodar hoppeeigarar til å nytte unge, nykåra hingstar. Dette er det tradisjon for i fjordhestavlen, og det er nok noko av grunnen til at me ikkje har hatt eit like stort problem med innavl som mange andre raser. Hingstane som er plukka ut til hoppene i prosjektet er tre, fire og fem år gamle. Hoppeeigarane har fått to til tre hingstar å velje mellom, som alle er gode kombinasjonar til hoppene både når det gjeld eksteriør og stamme.

Hoppelinjeprosjektet har gitt Norges Fjordhestlag ei unik moglegheit til å skape engasjement rundt stammar og bevaring av desse. Asle Espe sit i arbeidsgruppa for prosjektet, og er koordinator for dei tre raselaga som deltek. Han fortel at prosjektet har vorte tatt godt i mot, og at det har vore veldig stor respons frå både hoppeeigarar og andre interesserte.

Når avlssesongen er over vil prosjektet evaluerast. Det er allereie lagt planar om å søke midlar for å halde fram med liknande prosjekt seinare år. Då vil ein også kunne inkludere andre eigenskapar ein vil ta vare på i fjordhesten, for eksempel kan det vere aktuelt å fokusere på fargar.

Hoppelinjeprosjektet sender eit signal til fjordhestfolket om at Norges Fjordhestlag tek innavlsproblematikken på alvor, og at ein ynskjer å bevare genmaterialet som finns i fjordhesten i dag. Fjordhestfolket har vore veldig positive til dette, og fokuset på hoppelinjeprosjektet har ført til at mange har vorte meir interesserte i og opptatt av å bevare genetisk variasjon i fjordhesten.

Turboline Vidvei er ei av hoppene som er vald ut til hoppelinjeprosjektet. Her med følet Turbo Staut e. Perakrossen.

Hoppene som er med i prosjektet:

Staslin f. 1995 e. Hågvard u. Lindi
Turboline Vidvei f. 2000 e. Amandus Nordskog u. Lina Vidvei
Langeland Snerta f. 2004 e. Stas Råden u. Vereide Terna
Høgås Akita f. 2001 e. Ulvar u. Sand Kira
Helgvild f. 2003 e. Ramsblakken u. Helglinn
Lillegråa f. 1996 e. Silvin u. Veslegråa Vidvei
Bergums Bella f. 1999 e. Enar u. Raska
Enya f. 2002 e. Rodiko u. Hestehavens Erika
Luna Hirth f. 2003 e. Lunnar u. Greia
Lunfrid Av Tveit f. 2002 e. Lunnar u. Frida Av Tveit