Sommaren er her, sjølv om det ikkje ser slik ut alle stader. Med sommaren kjem utandørsstemna, og i år skal det arrangerast både Noregsmeisterskap og Nordisk meisterskap for fjordhest her i landet.

av Aurora Leivdal Haavik

NM og nordisk er store arrangement, og det er mange ting ein må tenkje på i forkant av slike stemner. I medlemsbladet «Fjordhesten» nr 02/17, som kom i postkassa til medlemmane våre i midten av juni, kan du mellom anna lese gode råd frå Louise Strand, som er personleg trenar for hest og ryttar. Ho fortel det kva det kan vere lurt å tenkje på før og under eit slikt stemne. Eitt av råda ho kjem med er å starte planlegginga i tide, og skrive ei liste over det ein skal ha med seg.

Her har du ei liste som du kan nytte som eit utgangspunkt når du skal pakke til NM og Nordisk. Skriv den ut og heng den opp i stallen, så kan du stryke det du har pakka og tilføye ting etter kvart som du kjem på dei.
Her finn du ein utskriftsvenleg versjon av lista.

Frå Fjordhest-NM 2016. Foto: Inger Grønntun

Papir – hest
Hestepass
Vaksinasjonsattest
Eigenerklæring
Hestelisens

Papir – ryttar
Medlemsbevis i Norges Fjordhestlag og lokal rideklubb
Kvalifikasjonspapir
Ryttarlisens
Ryttarmelding
Vegskildring

Stall
Grime og leietau
Kraftfôr og vitaminar
Høy og vekt
Høynett/-posar
Elektrolyttar (dersom det blir varmt og hesten skal igjennom spesielt krevjande øvingar)
Bøtter til vatn og fôr
Saks
Strigleutstyr og hovkrok
Showshine
Leiehovudlag med nummerskilt
Pussesaker til sal/sele
Regndekken
Handkle og klut
Bandasjer (til premieutdeling)
Koppar/belegg (til klasser der dette er tillate)
Halebandasje og transportbelegg til reisa
Broddutstyr
Førstehjelpsutstyr
Boksgardin
Dekkenhengar
Møkkagreip
Svamp
Våtserviettar
Insektspray
Longeringsutstyr
Kjøleprodukt/liniment (undersøk om dette er lovleg å bruke med omsyn til dopingreglar)
Insektdekken
Sveittedekken
Nummerskilt
Hingstemerke
Blokk og penn/tusj

Til ryttaren
Stemnejakke og skjorter
Kalvekryss og nål
Hårnett og hårstrekk
Kvit ridebukse – gjerne fleire
Overtrekksbukse for å halde ridebuksa rein
Ridestøvlar
Gummistøvlar ved dårleg ver
Hanskar
Hjelm
Sikkerheitsvest
Sporar – husk å sjekke tillate lengde, det målast frå skoen
Pent antrekk til ryttarfesten
Toalettsaker
Sokkar, undertøy
Bukser, toppar, genserar
Jakke
Sko
Regnkle
Sovepose/dyne/laken
Handkle og klut
Nattklede
Mobilladar
Lommebok
Sysaker

Diverse
Sykkel, om du har plass.
Kamera og ekstra minnekort
Laptop
Reservehjul til bil og hengar
Kniv

Sprang
Sal
Gjord (plate)
Fortøy
Martingal
Hovudlag
Belegg
Koppar
Sjabrak
Køyring
Sele
Seleunderlag
Hovudlag
Vogn
Belegg
Koppar
Pisk
Køyreforkle
Stoppeklokke
Nummerskilt og -haldar
Antrekk
Lykter til vogna for klasser som krev dette
Dressurprogram

Dressur
Sal
Hovudlag
Sjabrak
Belegg
Pisk
Dressurprogram – pass på at du øver på dei nyaste programma som kom 1. mai!

Feltritt
Hovudlag
Sal
Belegg
Fortøy
Martingal
Medical Card
Nummervest

Hugs at Fjordhest NM har eiga nettside, der finn du statuttane og mykje anna nyttig informasjon. Statuttane for Nordisk finn du på nettsida til Borge Rideklubb, meir informasjon finn du også på Facebook-sida Nordisk for fjordhest.

Det er også smart å setje seg godt inn i reglementet for dei greinene du skal delta i dersom du ikkje har gjort det allereie. Reglementet finn du på Norges Rytterforbund sine nettsider.

Ynskjer du å lese artikkelen skrive av Louise Strand om førebuing til NM kan du bli medlem i Norges Fjordhestlag her.

Då gjenstår berre å få plass til alt og sjekke at hengaren er i orden og godkjent for transport – og hugs å få med hesten! Vi ynskjer alle deltakarar lukke til, håpar de får ei knallfin veke med mange gode opplevingar.

Glade vinnarar på NM 2016