Natt til fredag regna det kraftig, men då morgonen kom vart deltakarane møtt av solskin og gode baner. Sjølv om vêret var pent, var det vind i lufta – noko som gjorde at temperaturen var fin for både folk og dyr.

Tekst: Liv Jorunn Nyhagen
Foto: Astrid Marie Årdal

Dagens fyrste klasse var allround-sprang, 80 cm, med omhopping etter klassen. Ni startande var blitt til åtte, etter at Finslands Ringo frå Sverige var strøken. Av desse kom seks ekvipasjar til omhopping etter feilfrie runder. Raskast i omhoppinga var Annike Mikkelsen og Blåtopps Aron frå Noreg, som med det tok sin andre siger og leia samanlagt. På 2.-plass kom, i dag som i går, Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst frå Danmark, og Cassandre Bach-Gansmo og Flemming frå Noreg tok reprise på gårsdagens 3.-plass. Det er såleis dei tre som ligg på medaljeplass i allroundmeisterskapen etter to avdelingar.

Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Cassandre Bach-Gansmo og Flemming (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

I fyrste avdeling nordisk meisterskap i sprang for junior var det fem ekvipasjer til start. To kom til omhopping, og med eitt riv kvar vart det tida som avgjorde. 1.-plassen gjekk til Dorthea Solheim og Haukfell frå Noreg, medan Line Ceder og Kanton Unik frå Sverige tok 2.-plassen.

Dorthea Solheim og Haukfell (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Nordisk meisterskap i sprang for senior var dagens største klasse, med tolv deltakarar. Her vart det dansk og finsk i toppen. 1.-plassen gjekk til Zenia Jørgensen og Apollo frå Danmark, medan det vart finsk jubel for Sonja Skriko og Somnus som tok 2.-plassen. 3.-plassen gjekk til Karina Blaabjerg og Laustfin Skellrød frå Danmark. Karina har, såvidt underteikna kan sjå, vore plassert i alle sine klasser så langt, med tre ulike hestar – ein imponerande prestasjon! Ho stiller med Stald Kiels Lyst i Allround og senior dressur, Bounty i senior køyring og Laustfin Skellerød i sprang. Beste norske i fyrste avdeling sprang for senior var Ingrid Modalen og Ryttergaardens Herkules på 5.-plass.

Zenia Jørgensen og Apollo (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Sonja Skriko og Somnus (FIN) Foto: Astrid Marie Årdal

Mette Stensgård Lothe og Heimlunds Lieroy (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Ingrid Modalen og Ryttergaardens Herkules (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Nordisk sprang for senior og junior vert fyrst avgjort på søndag. Då går også siste avdeling i nordisk allround av stabelen. Allroundekvipasjane har no berre presisjonskøyring att.

I morgon er det duka for fart og spenning i maratonkøyring, som er andre avdeling av nordisk køyring for senior. Det vil òg vere høve til å kose seg og sjå god dressur i morgon, då siste og avgjerande klasse i nordisk dressur for senior finn stad på ettermiddagen denne dagen.