Under tredje og nest siste dag av Nordisk Meisterskap for fjordhest har det vorte konkurrert i maratonkøyring og dressurriding.

Tekst: Liv Jorunn Nyhagen
Foto: Astrid Marie Årdal

Seks kuskar med blankpussa hestar og vogner la av stad ut i maratonløypa på morgonkvisten. A-etappen gjekk kring eit flatt jorde like ved stemnearenaen, og E-etappen gjekk også i flatt og fint terreng kring rideanlegget. Tre av hindera var plassert på ridebanene, medan to hinder låg ute på markane. Det var såleis ein svært publikumsvennleg maraton, losa trygt i hamn av ein dyktig speaker. Dei norske ekvipasjane gjorde alle ein fin figur i løypa, men den som imponerte aller mest var Karina Blaabjerg og Bounty frå Danmark – som tok bestetid i samtlege hinder! 2.-plassen i klassen gjekk til Åshild Standnes Magnes og Torsheims Kira. Ho hadde nest beste tid i tre av hindera. Etter to avdelingar leiar framleis Karina Blaabjerg og Bounty nordisk køyring. I morgon vert det heile avgjort, gjennom presisjonskøyring. Resultatlista frå 2.-6.-plass er ganske jamn, så det skal ikkje falle mange ballar før det vil gjere utslag.

Karina Blaabjerg og Bounty (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Åshild Stadnes Magnes og Torsheims Kira (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Stine Anette Heier og Balder Berger (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Erik Holmin og Stald Kiels Makker (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Emma Nyløy og Sofin (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Sanne Hansen og Ibberman Kjærgaard (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Laurdag var elles dagen då dei nordiske meisterskapa i dressurriding for junior og senior vart avgjort. Juniorane var fyrst ut, i FEI sitt lagprogram for children (LA). Her vart det delt ut mange gode prosentar, og det var Ida Marie Vellis og Højgaards Fronar frå Danmark som gjekk heilt til topps. Dei oppnådde 67,222 prosent. 2.-plassen gjekk til Victoria Engøy Lien med Pryd Skovå frå Noreg. Dei oppnådde 64,111 prosent. Ida Marie Vellis vann nordisk meisterskap for junior samanlagt, og fekk følgje av ei anna dansk ekvipasje på sølvplass: Rebecca Lynge Nielsen og Rubin Skovå . Norske Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå kapra bronsen, berre 0,333 prosent bak sølvvinnaren.

Ida Marie Veilis og Højgaards Fronar (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Dagens siste klasse var nordisk dressur for senior. Her stod 15 ekvipasjer på startlista, og dei reid FEI sitt lagprogram for ponniar. Då alle hadde gjennomført sine program var det klart at det vart fire gangar dansk i toppen. 1.-plassen gjekk til Lisa Therkildsen og Giblings Jura, med 66,453 prosent. Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst tok 2.-plassen, Pernille Balcer og Citat Halsnæs 3.-plassen og Sara Grimbühler og Trollfin kom på fjerde. Beste norske vart Stine Anette Heier og Fønix Lasse, på 5.-plass.

Nordisk meister i dressurriding for senior 2017 vart Lisa Therkildsen og Giblings Jura, med knappast mogleg margin framfor Karina Blaabjerg og Stald Kiels Lyst. Dei oppnådde høvesvis 130,870 og 130,817 prosent. Sara Grimbühler og Trollfin tok bronsen.

Lisa Therkildsen og Giblings Jura (DEN) Foto: Astrid Marie Årdal

Marianne Haltvik og Holtenbrage (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Stine Anette Heier og Fønix Lasse (NOR) Foto: Astrid Marie Årdal

Søndag morgon skal dei resterande meisterskapane avgjerast. Fyrste klasse ut er nordisk allround presisjon, før siste avdeling i nordisk køyring. Deretter skal det kårast junior- og seniormeister i nordisk sprang.