I år vert landsfinalen for unghopper arrangert i samband med Dyrsku’n i Seljord 10. september. Det er enno ikkje for seint å melde seg på!

Landsfinalen for unghopper vert i år arrangert under Dyrsku’n i Seljord 10. september. Her er det venta 80-100 000 besøkande, og Norges Fjordhestlag tykkjer det er veldig kjekt å få vise fram dei aller beste unghoppene våre på eit slikt arrangement.

Formålet med Landsfinalen for unghopper er å få samla dei aller beste hoppene og gjere stas på oppdrettarar og utstillarar. Å samle det beste frå ein årgang på same plass gir ei god oversikt over avlen, og det er kjekt for både dommarar, avlarar og andre fjordhestinteresserte å sjå. Tidlegare år har det også vore klasser for hingstar under Landsfinalen, men i år har vi vald å fokusere på hoppene. Vi gler oss til å sjå kremen av unge fjordhopper i Seljord!

Fristen for påmelding er 15. august. Alle fjordhopper som har vore på utstilling i år og fått karakteren 8 (eller høgare) i heilheit, er inviterte til å møte på Landsfinalen. Vår hovudsponsor, St. Hippolyt, stiller med gåvepremiar, dekken og sløyfer til vinnarane.

Lokal arrangør kjem med meir informasjon til deltakarane etter kvart, men det er allereie bekrefta at alle som kjem med unghest får inngong til arrangementet og oppstalling frå laurdag til søndag dersom dei ynskjer det.

Her finn du link til påmeldingsskjema, og på arrangøren sine heimesider kan du lese meir om Dyrsku’n .

    Frå unghestfinalen 2016 – Årøy Evina (Foto: Monica Bringedal)

    Share This