Norges Fjordhestlag skal setje saman nokre korte filmar om fjordhesten og fjordhesten si historie. Vi vil vise korleis fjordhesten har utvikla seg gjennom åra, og alle dei ulike tinga han vert og har vorte brukt til. I dette høvet ynskjer vi å få tak i filmar som syner fjordhesten i ulike situasjonar, frå ulike tider. Vi vil sjå fjordhesten på utstilling, i konkurransar, som arbeidshest, som familiehest og i alle andre situasjonar der fjordhesten har spelt ei rolle både før og no. Filmane skal lære folk meir om fjordhesten, og dei skal publiserast i Norges Fjordhestlag sine kanalar på nett.

Vi premierer dei tre beste bidraga som kjem inn. Ved å sende inn videoar til oss samtykker du til at desse kan verte brukt til Norges Fjordhestlag sitt arbeid med å promotere fjordhesten, og at vi kan publisere dei på videonettstadar (t.d. Youtube) og våre eigne nettsider. Vi ser helst at videoane er digitaliserte, men vi har også høve til å ta i mot DV-kasettar og HI8-kasettar.

Marknadsføringsutvalet er ansvarlege for å plukke ut innsendte bidrag og å setje saman filmane. Filmane kan sendast på e-post til ingvildrh@hotmail.com. Er filene for store til å kunne sendast på e-post, kan vi dele dei via Dropbox (ta kontakt på same e-postadresse). Ta også kontakt dersom du har analoge videoar du vil sende til oss, så dobbelsjekkar vi at det er format vi har høve til å digitalisere.