Her finn du resultat og bilete frå hoppe- og vallakutstilling i Førde 26. august.
Takk til Inger Grønntun som har sendt oss resultat og bilete. 

Klasse 4:

Katalognummer. 1, Lyheims Leika, fødd 2004, brunblakk, e. Rånnar u. Siri Hero.
Eigar: Lene Fonn og Lars-Ottar Digernes, Førde.
Oppdrettar: Lucinda Bjørnset Reksten, Florø.
Utstillar: Lucinda Bjørnset Reksten, Florø.
Omtale: Harmonisk hoppe av god type. Velbygd kropp med god muskelsetnad. Overbein utvendig høgre frambein, elles gode bein. Ledige, taktfaste rørsler.
Karakterar: 8-8,5-8-8-8
2. premie, nr. 1 i kvalitet i klasse 4.

    Klasse 5:

    Katalognummer 2, Lyheims Lindy, fødd 2007, brunblakk, e. Solli Gråen u. Siri Hero.
    Eigar og oppdrettar: Lucinda Bjørnset Reksten, Florø.
    Omtale: Lettbygd, høgstilt hoppe av god type. Velforma hals, god manke, noko snau muskelsetnad i rygg. Lite overbein høgre fram, elles gode bein.
    Karakterar: 8,5-8-8-7,5-8
    2. premie, nr. 1 i kvalitet i klasse 5.

      Klasse 6:

      Katalognummer 8, Birkelid Oda, fødd 2013, brunblakk, e. Fløgstad Odin u. Birkely Monja.
      Eigar og oppdrettar: Vidar Heggheim, Naustdal.
      Omtale: Vakker, oppsynt hoppe av svært god type. Jamn, sterkbygd kropp. Velstilte, noko spede bein. Meget ledige rørsler. Pent føl ved fot.
      Karakterar: 10-9-8-9-9
      1. premie, nummer 1 i kvalitet i klasse 6, Dagens Hest. Gåvepremie frå den finske fjordhestforeininga.

        Katalognummer 7, Feedts Frøydis, fødd 2013, brunblakk, e. Balder Mann u. Feedts Linda
        Eigar og oppdrettar: Samson Feedt, Dimmelsvik.
        Omtale: Oppsynt hoppe av meget god type. Pent hovud, middels lang hals, noko kort hellande kryss. Middels føre bein. Overbein høgre fram. Ledige rørsler. Pent føl ved fot.
        Karakterar: 9-8-8-8-8,5
        2. premie, nr. 2 i kvalitet i klasse 6.

          Katalognummer 9, Jakobgardens Bella, fødd 2013, brunblakk, e. Fløgstad Odin u. Lillegråa.
          Eigar: Oddvar Vassliås, Flekke.
          Oppdrettar: Anette Alnes, Bjørke.
          Omtale: Edel hoppe av meget god hoppetype. Pent hovud, velforma hals, noko snau muskelsetnad i rygg og lend. Aksebrot venstre frambein, elles spe bein. Ledige rørsler. Pent føl ved fot.
          Karakterar: 9-8-7,5-8-8
          Køyreprøve: 32,5 poeng.
          2. premie, nummer 3 i kvalitet i klasse 6.

            Katalognummer 4, Bø Torina, fødd 2012, brunblakk, e. Fjelltor u. Bø Lerka.
            Eigar og oppdrettar: Jonfinn Bø, Breim.
            Utstillar: Tina Eide, Breim.
            Omtale: Harmonisk hoppe med godt preg. Langlagd, velbygd kropp med god muskelsetnad. Ustabile hasar, noko tåvid frambeinsstilling. Ledige skøytande rørsler.
            Karakterar: 8-9-7,5-7-8
            Køyreprøve: 43 poeng.
            2. premie, nr. 4 i kvalitet i klasse 6.

              Katalognummer 5, Årheims Sonja, fødd 2012, brunblakk, e. Fjelltor u. Lille Lise.
              Eigar: Bjørn Fløtre, Byrkjelo.
              Oppdrettar: Magne Sæthre, Byrkjelo.
              Utstillar: Marthe Fløtre, Breim.
              Omtale: Middels stor hoppe med godt preg. Pent hovud, noko underhals, elles god kropp. Moderat sabelbeint, elles bra bein. Ledige rørsler.
              Karakterar: 8-8-7-8-8
              2. premie, nr. 5 i kvalitet i klasse 6.

                 

                Klasse 7:

                Katalognummer 10, Årøy Evina, fødd 2014, grå, e. Kornvin Freidig u. Eidny.
                Eigar og oppdrettar: Linda Beate Svoren, Nordfjordeid.
                Omtale: Langlagd hoppe av god type. Noko kort hals, umarkert manke med flat overlinje. Aksebrudd i kodeledd høgre fram, elles bra bein. Skøytande frambeinsstilling. Godt skritt, noko stum overlinje i trav.
                Karakterar: 8-7-7,5-7,5-7,5
                Køyreprøve: 43 poeng.
                3. premie i klasse 7, premie for beste mønstrar.

                  Katalognummer 11, Glitri Svidal, fødd 2014, brunblakk, e. Ninjar u. Dorte Svidal.
                  Eigar: Norsk Fjordhestgard, Byrkjelo.
                  Oppdrettar: Olav Støylen, Vassenden.
                  Utstillar: Marthe Fløtre, Breim.
                  Omtale: Middels stor hoppe med godt preg. Pent hovud. Kort, velforma hals. Steil bog, elles bra kropp. Moderat sabelbeint, tåvid høgre fram. Ledige rørsler.
                  Karakterar: 8-7,5-7-8-7,5
                  Køyreprøve: 43,5 poeng.
                  3. premie i klasse 7, Beste køyreprøve på utstillinga.

                    Klasse 9

                    Katalognummer 13, Olaien, fødd 2012, ulsblakk, e. Herman u. Sofine.
                    Eigar: Elisabeth Sande, Førde.
                    Oppdrettar: Arnt Inge Hjelmeland, Leirvik i Sogn.
                    Utstillar: Kristine Solhaug, Førde.
                    Omtale: Høgreist valakk av bra type. Lyse stolpar på tre høver. Noko tungt hovud, kort hals, god manke og godt kryss. Tåvid venstre fram, elles gode bein. Godt skritt, bra trav.
                    Karakterar: 4-7-8-7,5-4
                    Køyreprøve: 35,5 poeng.
                    0. premie i klasse 9 (grunna avteikn)

                      Klasse 10

                      Katalognummer 14, Askefast, fødd 2014, brunblakk, e. Volls Birk u. Råds Silja.
                      Eigar: Rita Iren Hestad, Førde.
                      Oppdrettar: Magne Aske, Sandane.
                      Omtale: Langlagd valakk av god type. Pent hovud. Breitt ansatt hals. Steil bog, elles harmonisk kropp. Noko inntåa v. bakbein, elles gode bein. Ledige rørsler.
                      Karakterar: 8-8-8-8-8
                      Køyreprøve: 39,5 poeng.
                      2. premie, nummer 1 i kvalitet i klasse 10.

                         

                         

                         

                         

                         

                         

                         

                         

                        Share This