I år vart landsfinalen for unge fjordhopper arrangert på Dyrsku’n i Seljord 10. september. Når ein ser kvaliteten på dei unge hoppene me har her i landet, får ein grunn til å sjå lyst på fjordhesten si framtid.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen
Foto: Jorunn Heggheim

Totalt møtte 17 hopper til landsfinalen; tre treårshopper, fem toårshopper og ni åringshopper. For å kvalifisere seg til landsfinalen har hoppene tidlegare i år vorte vist på utstilling og oppnådd minst 8 i heilheit. Under landsfinalen får dei ikkje nye karakterar, men dei vert bedømt av dommarane og rangerte klassevis. Alle hoppene som deltek har allereie fått gode tilbakemeldingar frå dommarane, så her er det ingen tvil om at alle er vinnarar.

    Birkelid Huldra og Sini Marie M. Næs. Foto: Privat

    Hesten dommarane plukka ut som årets beste unghoppe er toårshoppa Birkelid Huldra e. Kamillas Tord u. Birkelid Tulla. Eigarar er Audun Næs og Saija Mäntylä, og dottera deira Sini Marie M. Næs stilte ut hoppa. Familien kjøpte Birkelid Huldra då ho var føl. « Vi hadde lenge ønska oss eit hoppeføl av Birkelid-slaget, som er oppdretta av Vidar og Jorunn Heggheim. Dei er drevne oppdrettarar med eit godt auge for gode individ» seier Sini Marie om kvifor dei valde å kjøpe akkurat denne hoppa.

    Birkelid Huldra vart vist på landsfinalen i fjor også, og då vart ho nummer to i si klasse. Sini Marie seier at dei i år først og fremst valde å stille ho for erfaringa si skuld – det er kjekt å delta på eit slikt arrangement i tillegg til at det er god trening for unghestane. At det gjekk så bra som det gjorde var berre ein bonus, og Sini Marie er sjølvsagt strålande nøgd med resultatet. «Huldra er ei utrulig triveleg merr med godt lynne, ho er lærevillig og ein hest det er kjekt å arbeide med» seier ho. Planane for framtida er mange, og både utstilling til neste år, avl og BUF er ein del av dei. Dette er nok heilt klart ein hest vi får sjå att i både utstilling- og konkurransesamanheng!

    Formålet med landsfinalen er å samle dei beste unghoppene i Noreg på ein plass, slik at både dommarar og fjordhestfolket kan få sjå «kremen» frå ein årgong på same plass. Det er også meint for å gi oppdrettarar og eigarar moglegheit til å vise fram sine beste dyr, og å gjere stas på dei som gjer ein så god og viktig jobb for fjordhestavlen.

    Norges Fjordhestlag er veldig glade for at så mange tok turen til Landsfinalen i år, og det er gledeleg å sjå så høg kvalitet på dei unge fjordhoppene. Vi håper og trur at dette er dyr vi vil sjå att i både utstillingsringen og på konkurransebana seinare.

      Frå mønstringa. Foto: Mai Therese Tangen

      Under finn du resultatliste og bilete av hoppene som deltok i landsfinalen. Hestane er rangerte, men har ikkje fått karakterar.

      Treårshopper

      1: Vetrhus Luna
      e. Fjelltor u. Karisnerta
      Eigar og oppdrettar: Vilde og Jon Vetrhus

        2: Fattnes Tuva
        e. Fjelltor u. Thyra
        Oppdrettar: Johannes Fattnes
        Eigar: Mai-Therese Tangen

          3: Ronjas Junilin
          e. Fjelltor u. Seles Ronja
          Oppdrettar: Lene Grødeland Gundersen
          Eigar: Tone Helen Bache

            Toårshopper:

            1: Birkelid Huldra
            e. Kamillas Tord u. Birkelid Tulla
            Oppdrettar: Vidar og Jorunn Heggheim
            Eigar: Audun Næs og Saija M. Mäntylä

              2 Landa Mira
              e. Herman u. Bjuty
              Oppdrettar: Rasmus Felde
              Eigar: Monica S. Nygård og Thorbjørn Norekvål

                3: Nesviks Triana
                e. Svoras Iver u. Helgrunn
                Oppdrettar: Torill Øvrebø
                Eigar: Sigmund Nesvik

                  4: Bø Tea
                  e. Merinas Emil u. Myklemøy
                  Oppdrettar: Hans Petter Vereide og Jonfinn Bø
                  Eigar: Kjellfrid Omdal

                    5: Nes Ninja
                    e. Ninjar u. Nes Mona
                    Oppdrettar: Trygve Nes
                    Eigar: Lena B. Lind

                      Åringshopper:

                      1: Blomst Skovå
                      e. Kamillas Tord u. Lilje Skovå
                      Oppdrettar: Stutteri Skovå (DK)
                      Eigar: Linda Bekkevold Thomsen

                        2: Gromma
                        e. Brijol u. Alfina
                        Oppdrettar: Åse Bergset
                        Eigar: Line og Anne Larsen

                          3: Kolli Torina
                          e. Prins Tor u. Oktavia Solberg
                          Oppdrettar: Anveig Solberg og Reinert Skumsnes
                          Eigar: Kristine og Torkil Eidsnes

                            4: Maivor Are
                            e. Dalargutt u. Skogheims Rosalin
                            Oppdrettar: Jan Are
                            Eigar: Anja Aase Klungtveit

                              5: Tekila
                              e. Terne Prins u. Nidarrosa
                              Oppdrettar: Anne Karin Høgalmen
                              Eigar: Hilde Kristin Strandos

                                6: Elsa
                                e. Kuling u. Eisy
                                Oppdrettar: Veronica og Bjørn Aardal
                                Eigar: Stine Samsonstuen

                                7: Rakne Porsi
                                e. Major u. Rakne Erla
                                Oppdrettar: Odd Magne Løseth
                                Eigar: Lene K. Gåsemyr og Stein J. Andersen

                                  8: Hedda Ask
                                  e. Kornvin Freidig u. Oleah
                                  Oppdrettar og eigar: Torbjørn Kjellevold

                                    9: Stald Kiels Vind
                                    e. Stald Kiels Jargon u. Mastrup Emilie
                                    Oppdrettar: Stald Kiel, Danmark
                                    Eigar: Monica Bratt

                                      Share This