Avlsstimulerande tilskot for å stimulere til både avl og aktivitet i lokallag og distriktslag.
Kriteriet for å oppnå tilskotet på kr. 10 000,- er at laget har kjøpt lagshingst (3 eller 4 år) og arrangerer to Fokus Unghest-kurs gjeldande år.

Avlsfremjande midlar til leige av 3- og 4-års hingst
Norges Fjordhestlag ynskjer å styrke bruken av 3- og 4-års hingstar, for ved det å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Det vil vere gunstig for avlsframgangen samt redusere innavlsfaren. Norges Fjordhestlag søkjer Norsk Hestesenter om avlsfremjande midlar til dette. Med atterhald om tildeling, vert lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter oppmoda om å søkje støtte til leige av 3- og 4-års hingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering for desentralisert fjordhestavl, avlsmessig breidde og bruk. Grunngjeven søknad må sendast til Norges Fjordhestlag.

Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 1.10. kvart år vedkomande bedekkning, sal, o.l., kan avlsfremjande midlar reduserast eller haldast attende.

Avlsfremjande midlar til 3-, 4- og 5-års hopper
Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3-, 4- og 5-års premierte hopper der eigar er medlem av Norges Fjordhestlag. Beløp blir fastsett ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året.

Avlsfremjande midlar til hopper med lang avstand til hingst
Det er høve til å søkje Norges Fjordhestlag om stønad til dekking av utgifter ved sending av sæd frå Norsk Fjordhestsenter til hopper i Nordland, Troms og Finnmark. Det er og høve å søkje for hopper med lang avstand frå hingst og over 600 km  frå seminstasjonen til Norsk Fjordhestsenter. Det er sett av totalt kr. 20 000,- til denne ordninga. Beløp vert fastsett etter innkomne søknadar og tilgjengelege midlar.

Alle midlane har søknadsfrist 1. oktober 2017. Søknaden skal sendast til Norges Fjordhestlag på e-post post@fjordhest.no eller til Norges Fjordhestlag, Myroldhaug, 6770 Nordfjordeid.

    Share This