Også i år var det fjordhestane som stal showet under Kingsland Oslo Horse Show i Telenor Arena. Showinnslaget «The Challenge» beviste at fjordhesten leverer, sjølv under svært utfordrande forhold.

Tekst: Anne-Karin Løken
Foto: Astrid Marie Årdal

Kingsland Oslo Horse Show blei arrangert for 26. år på rad, med ei mengde konkurranse- og underhaldningsklasser i løpet av fire dagar på Telenor Arena. Dette er staden ein kan få vist seg fram, sjå og bli sett i heste-Norge. Difor er det av stor betydning å få vise fram fjordhesten desse dagane.

The challenge – utfordringa

I fjor overraska fire fjordhestar heile heste-Norge (og den internasjonale sprangeliten) då dei presterte å vinne over nokre av dei beste hestane i Europa i ein uhøgtideleg sprangkonkurranse. I år blei suksessen gjentatt, denne gongen med fire fjordhestar ridd av sprangelevar, mot fire spranghestar ridd av trenarane til desse elevane. Kjende namn som Espen Johansen og Connie Bull fekk bryne seg mot rideelevane sine, som no altså rei fjordhest. Bana gjekk i 80 cm, og det var tydeleg at trenarane på sine langbeinte spranghestar meinte at dette skulle bli ein lett match. Og dei brune vann om ein skal måle det i tid og talet på bommar som gjekk ned. Men showet var det fjordhesten som vann. Inne på arenaen fekk Årheims Gullen, Haukfell, Ryttergaardens Herkules og Heimlunds Lieroy vist kva ein ekte fjordhest står for, sjølv under krevande forhold. Med nye, ukjende rytterar utførte dei oppgåvene på ein imponerande måte. Nokre bommar gjekk i bakken, og ein av elevane rei altfor raskt og ukonsentrert slik at han styrte hesten rett i ei hinderstøtte. Likevel leverte desse små, blakke hestane runde etter runde på sitt ærlege vis.

Saka held fram under bileta.

    Johan Sebastian Gulliksen og Ryttergaardens Herkules

     

      Årheims Gullen og Emilie Kvevik

       

        Haukfell og Solveig Newermann

         

          Helena Liholt Gulli og Heimlunds Lieroy


          Gullen var gull

          Vi må framheve 13 år gamle Emilie Kvevik som blei sett til å ri den raudblakke vallaken Årheims Gullen til Marte Fløtre frå Byrkjelo. Dei andre elevane på fjordhest var eldre og langt meir erfarne – likevel var det unge Emilie som viste best riding og mest forståing og respekt for hesten sin. Det var imponerande å sjå denne jenta føre den framande hesten gjennom bana i to rundar, og fabelaktig var også Årheims Gullen som losa jenta over hinder etter hinder i eit kaos utan like med skrålande publikum og øyredøyvande musikk.

            Emilie Kvevik og Årheims Gullen

            Ryttarane og hestane

            Fjordhestane: Årheims Gullen – ryttar Emilie Kvevik, Heimlunds Lieroy – ryttar Helena Liholt Gulli, Haukfell – ryttar Solveig Newermann og Ryttergaardens Herkules – ryttar Johan-Sebastian Gulliksen.
            Spranghestane: Calido Boy – ryttar Toril Hemmingby, Saga De Moyon – ryttar Connie Bull, Carsall – ryttar Esben Johannessen, Alexandra – ryttar Geir H. Jensen.

            Resultatlista viste til slutt at når det kom til raskast tid færrast riv tok spranghestane dei tre første plassane, deretter kom fjordhestane på rekke og rad – og den siste plassen gjekk til Connie Bull på spranghesten Saga De Moyon, som vart eliminert.

              Vinnaren av «The Challenge» – Esben Johannessen og Casall

               

              Takk til hesteeigarane for utlån av hestar: Marte Fløtre/Årheims Gullen, Ingrid Modalen/Ryttergaardens Herkules, Mette Lothe/Heimlunds Lieroy og Janne Helen Seime/Haukfell.

               

                Flinke fjordhestar og stolte eigarar. Frå venstre: Heimlunds Lieroy, Haukfell, Årheims Gullen og Ryttergaardens Herkules.

                Share This