Den nye Fjordhestgenseren er her! No kan du kle deg i ein mjuk og god ullgenser i norske fargar, pryda med logoen til Norges Fjordhestlag.

Norges Fjordhestlag og Dale of Norway har gått saman om å lage ein genser med Norges Fjordhestlag sin logo. Dette er eit originalt design frå Dale, som vart produsert for å vere offisiell genser for det norske langrennslandslaget sesongen 2016-2017. Valet av genser fall på denne av fleire grunnar, blant dei at den har dei norske flaggfargane raudt, kvitt og blått, i tillegg til at logoen til Norges Fjordhestlag passar godt inn på brystet.

Genseren kjem i to utgåver; ein herremodell og ein damemodell. Herremodellen har blå krage med kvite og raude striper, blå rygg og ermer. Damemodellen har raud krage med kvite og blå striper, blå rygg og kvite ermer. Damer kan sjølvsagt bruke herregenseren og omvendt, men ver merksam på at storleikane er ulike på dei to modellane. Du finn måletabell for storleikane på Dale of Norway sine heimesider.

Genseren er laga i 100% merinoull, og kan vaskast på ullprogram i maskin. Det kvite garnet er smussavstøtande. Genseren er produsert i Noreg, på Dale sin fabrikk i Vaksdal. Kvaliteten er svært god, så dette er ein genser du kan bruke i mange år.

Norges Fjordhestlag har ein avtale med butikken Vestitur på Nordfjordeid, som tek seg av bestilling og utsending av genserar. Vestitur, som vert drive av Ingvill Henden, sel kle av fleire norske merker som Blæst og ko:ko i tillegg til kle frå Dale of Norway. Bur du i nærleiken kan du hente genseren din på butikken i Eidsgata 25. Du kan også få den tilsendt i posten, mot eit porto- og ekspedisjonsgebyr på kroner 99,-.

Pris for genseren er 1668,- for medlemmer i Norges Fjordhestlag, og 1998,- for andre.
Trykk her for å kome til sida for bestilling av genseren.

Tusen takk til modellane våre Hildegunn Starheim Remme og Espen Hjelle. Tusen takk til Hans Petter Vereide for lån av Vereide Terna, og til Norsk Fjordhestsenter for lån av Kandals Tor.

We also ship abroad. Please contact Vestitur on e-mail vestitureid@gmail.com to order and estimate price for shipping to your adress.

Herremodellen har blå krage med kvite og raude striper og blå ermer.

Damemodellen har raud krage med kvite og blå striper og kvite ermer.

Herremodellen

Damemodellen

Herremodellen sett bakfrå

Damemodellen sett bakfrå