Norges Fjordhestlag har gjennom Barnas Fjordhestlag-satsinga fått tildelt 322 637 kroner frå ordninga Frifond organisasjon. Ditt lokallag kan framleis søke om støtte!

Vi har utvida søknadsfristen til 1. desember, og etter første søknadsrunde er det framleis 135 000 kroner att i potten. Pengane skal brukast til aktivitetar for barn og unge (opp til 26 år) i lokallaga. Ein kan søke på midlar til konkrete prosjekt, driftstilskot for lokallag og oppstartsstøtte til nyetablerte lokallag.

Aktivitetar kan vere alt frå kosekveld i stallen til rideturar, fjelldag, kanefart, mønstringskurs, bli kjent med føll-kveld, stallstevne og andre tiltak der born og fjordhesten kan møtast. Her er det berre fantasien som set grenser, men tryggleik og trivsel vil alltid vere det viktigaste. Aktivitet som involverer barn og unge er miljøskapande og kjekt, og ikkje minst er det viktig rekrutteringsarbeid, noko som er med på å sikre fjordhesten si framtid.

Du finn all informasjon du treng HER.