Viktig melding: Ny dato for Fjordhest NM 2018!

Fjordhest-NM 2018 skulle vorte arrangert 2.-8. juli, men stemnet har vorte flytta ei veke fram. Ny dato er 25. juni – 1. juli. Grunnen til dette er at det skal arrangerast prøve-Nordisk i køyring i same tidsrom. Dette er eit stort køyrestemne, og NRYF kan ikkje godkjenne at to slike arrangement går samstundes. Dette er mellom anna på grunn av at ein ikkje skal konkurrere om deltakarar og teknisk personell.

Arrangørane for neste års NM beklagar på det sterkaste dei ulempane dette måtte medføre for dei som allereie har gjort førebuingar til NM, men håper å sjå så mange som mogleg på Stord under arrangementet.

For oppdateringar om neste års Fjordhest-NM kan du følge med på arrangørane si Facebookside.

     

    Share This