Årets siste nummer av medlemsbladet «Fjordhesten» er no ute hjå medlemmane våre. 

    I dette nummeret kan du mellom anna lese frå Haustmøtet, som vart helde i samarbeid med Landslaget for Dølahest på Hafjell i november. Du får også fyldige resultat frå utstillingar over heile landet, inkludert bilete av mange av hestane samt karakterar. Du kan også lese ei artig reportasje frå Stall Moa i Isfjorden, som for fjerde år på rad arrangerer Skeid. Som vanleg får du også dei faste spaltene «Styret informerer» og nytt frå Barnas Fjordhestlag, og mange andre kjekke reportasjer.

    Alle medlemmar i Norges Fjordhestlag mottek medlemsbladet «Fjordhesten» fire gongar i året. Ynskjer du å melde deg inn, kan du gjere det her.

    Har du ikkje motteke bladet, sjølv om du er medlem? Det kan hende du har gløymd å melde adresseendring. Ta kontakt med kontoret på post@fjordhest.no.

    Ynskjer du å bidra til neste blad, ta kontakt med redaktør Aurora Leivdal på redaktor@fjordhest.no.

     

      Share This