av Ingvild Rydjord Hansen | feb 19, 2018 | Fjordhestfolk, Siste fjordhestnytt |
Det var heilt tilfeldig at Line Torrissen Carlsen enda opp med ein fjordhest då ho kjøpte sin første hest som fjortenåring. Ikkje ante ho at dette var starten på eit fjordhesteventyr som ville prege livet hennar. No trenar ho fram sin andre hingst mot utvida bruksprøver på Nordfjordeid.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 11, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Laurdag vart det arrangert Skeid på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. Mange fekk si aller første erfaring med Skeid, og deltakarane var veldig positive til denne nye konkurranseforma.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 9, 2018 | Siste fjordhestnytt |
Skeid er noko så fantastisk som ei heilt eiga konkurranseform tilpassa eigenskapane til dei nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Etter mykje arbeid ligg det no føre eit reglement for Skeid, og det er berre for lokallaga å setje i gong å arrangere.
av Ingvild Rydjord Hansen | feb 1, 2018 | Prosjekt Kvalitetshest, Siste fjordhestnytt |
Norges Fjordhestlag har sett i gong forprosjektet til «Prosjekt Kvalitetshest», som skal utdanne unghestar til marknaden. No er den andre pulja med unghestar på plass på Norsk Fjordhestsenter for eit treningsopphald.