Årets oppdrettarkonferanse vart arrangert på Norsk Fjordhestsenter denne helga. Det var lagt opp til eit variert program, med ein raud tråd gjennom heile helga.

av Ingvild Rydjord Hansen

Helga starta med eit foredrag om fôring ved Jenny Johnsen, fagkonsulent i Felleskjøpet. Ho prata om viktigheita av at hestane vert fôra med nok grovfôr, og kva den drektige hoppa har behov for av ekstra næringsstoff i siste del av drektigheita.

Marianne Sønderkjær frå St. Hippolyt hadde også eit innlegg om fôring, og også ho understreka behovet for at hestane får grovfôr tilpassa deira næringsbehov. Ho fortalte også om næringsstoff og mineral som er ekstra viktig for den drektige hoppa, følet og unghesten.

Susan Hellum var med som innleiar også på denne oppdrettarkonferansen. Vi er særs takksame for at ho tek seg tid til å delta på slike arrangement, og dele av sin store kunnskap om både fjordhest og hest generelt. Ho snakka om kva slags eigenskapar ein må sjå etter når ein skal plukke ut ein hest til avl eller bruk. Ho fortalde også om kva slags erfaring ho har gjort seg med fjordhesten gjennom alle dei åra ho har arbeidd som dommar.

Laurdag hadde vi ein praktisk del ute og i ridehallen, der vi såg på fleire ulike hestar. Susan Hellum kommenterte eksteriør, bein og rørsler, og var imponert over den gode beinkvaliteten på unghestane som vart viste.

Siv Hanche-Olsen, førstelektor ved Veterinærhøgskulen, hadde to veldig interessante innlegg for oss. Det første handla om kolikk og magesår. Vi fekk ei grundig innføring i korleis ein kan kjenne att symptom, korleis desse sjukdommane vert behandla og ikkje minst – kva ein kan gjere for å forebygge dei.

Det andre innlegget hennar handla om ein sjukdom ho har forska mykje på, og som ho i 2017 tok doktorgrad på – Aquired Equine Poloneuropathy (AEP), også kalla silosjuke. Dette er ein nervesjukdom som ein ikkje veit grunnen til, men som ein trur har ein eller annan samanheng med grovfôr hesten har spist. Dette er ein sjukdom som mange ikkje kjenner til, og vi som fekk høyre om den i helga vart veldig nysgjerrige på om forskinga klarer å finne ut kva den skuldast og om ein kan behandle den på nokon måte.

To innlegg handla meir konkret om avl på fjordhest. Asle Espe frå Norsk Fjordhestsenter og Vidar Heggheim, leiar i avlsutvalet i Norges Fjordhestlag, prata om hingstehald. Kva må ein vite om hingsten sine instinkt og behov når ein skal ha ansvaret for hingst i bedekkingssesongen? Vidar Heggheim prata også om korleis Norges Fjordhestlag arbeider med avl, og kva slags tilskotsordningar som finns for avlarane.

To av dei som deltok i helga var Ingjerd Høgset Vetti og Marie Hagen frå Førde. Dei meldte seg på konferansen på grunn av programmet, som dei syns var veldig interessant. Det innfridde absolutt til forventningane dei hadde før helga, og dei er veldig glade for at dei reiste. «Veterinæren frå Veterinærhøgskulen hadde veldig interessante foredrag, og vi lærte veldig mykje» seier dei. Dei trekk også fram dei to foredraga om fôring som særs interessante, og dei var glade for at dei to som haldt dei hadde størst fokus på grovfôr og viktigheita av det. «Det var synd det ikkje var fleire påmeldte denne helga, for dette er det mange som kunne hatt både nytte og glede av å høyre på mange av desse innlegga» fortel damene frå Førde.

Magni Hjertenes Flyum, dagleg leiar på Norsk Fjordhestsenter, er særs nøgd med helga. «Vi er veldig nøgde med innleiarane, og at dei utfylte kvarandre. Det er ein interessant samanheng mellom fôr og hestehelse» seier ho. Målet med å arrangere slike konferansar er å vere inspirerande og gje eit fellesskap til fjordhestfolket, og Flyum ynskjer enno fleire velkomne neste gong.