Norges Fjordhestlag har i lang tid arbeidd med revidering av avslplanen. Den nye avlsplanen for fjordhest er no godkjent, og inneheld nokre endringar frå den førre avlsplanen.

Det er avlsutvalet og styret i Norges Fjordhestlag som har arbeidd med revidering av avlsplanen. Alle lokallag og enkeltmedlemmar i Norges Fjordhestlag har hatt høve til å kome med innspel, og desse innspela har det vorte tatt omsyn til i arbeidet.

Når det gjeld avteikn er det fleire endringar i den nye avlsplanen. Det eine gjeld presisering av godteken storleik på stjerne hos hopper og det andre gjeld avteikn på høver hos raudblakke og gulblakke hestar. Det siste gjeld dømming av desse på utstilling: Dersom ein fjordhest med avteikn er vist på utstilling ein gong og avteiknet vert vurdert til å vere innafor reglementet, så er avteiknet også godkjent dersom hesten møter til fleire utstillingar. Er avteiknet ikkje godkjent første gong hesten møter på utstilling, kan hesten likevel møte igjen seinare og få avteiknet vurdert på nytt. Dette vil gi tryggheit til dei som har hestar med avteikn, då dei kan møte med hesten sin på utstilling utan å vere redd for at den vil miste premiegrad den har frå før fordi dommarar tolkar avlsplanen ulikt.

I den nye avlsplanen er det mellom anna endring i kva slags avteikn som vert tillatt på raudblakke og gulblakke fjordhestar.

Den nye ordlyden i avsnittet som handlar om avteikn er som følgjer: «Ei stjerne med storleik  inntil 5,0 cm målt på største diameter skal godtakast på hopper. Andre synlege avteikn blir  ikkje godtekne, bortsett frå avteikn på kjønnsorgan. Høver med lyse spaltar og sjateringar som gradvis fører over til karakteristisk farge på raudblakke eller gulblakke hestar er ikkje å rekne som avteikn, men som ein del av særtrekket ved desse fargane.»

«Vi må sjå på populasjonen i si heilheit når me utarbeidar avlsplanen» seier leiar i avlsutvalet, Vidar Heggheim. «Vi veit at mange er i mot å lempe på reglane for avteikn, men vi meiner likevel at dei nye reglane er til det beste for rasen» legg han til. Når det gjeld dei nye reglane for raudblakke og gulblakke seier Heggheim at dette er naudsynt for å kunne bevare alle dei fem fjordhestfargane. «Det er mykje mindre utypisk med avteikn på høver enn på hovudet, og det vil ikkje gå mykje ut over rasetypen til hesten dersom han har lyse felt på høvene» seier Heggheim.

Åtte år gamle hingstar må frå 2019 møte til ny, obligatorisk vurdering.

Ei anna viktig endring i avlsplanen er at det på nytt er innført obligatorisk tredjegongs visning av hingstar det året dei fyller åtte år. «Når ein får vurdert hingstane på nytt som åtteåringar får ein vite meir om både helse, haldbarheit og om kva eigenskapar dei gir vidare til avkomma sine» seier Vidar Heggheim.

Ordlyden på dette punktet i avlsplanen er slik: «Alle premierte hingstar skal kallast inn til ny vurdering når dei er 8 år gamle. [..] Om hingsten viser seg å ikkje vere haldbar, eller om han har fått så mange avkom at bidraget hans til fjordhesten er tilstrekkeleg, kan han misse avlsgodkjenninga si. Hingsten beheld, eller kan forbetra premiegraden sin uavhengig av om han misser avlsgodkjenninga.»

Den nye avlsplanen er godkjent, og vil gjelde for komande utstillingssesong. Obligatorisk vurdering av åtteårshingstar vil gjelde frå 2019, altså for hingstar fødde i 2011 og seinare.

Du kan lese heile den nye avlsplanen her.