Vil du vite meir om kva andre med fjordhest fyller kvardagane sine med? På snapchatkontoen «Fjordhestglede» kan du sjå glimt frå andre sitt fjordhestliv.

av Ingvild Rydjord Hansen

Sosiale media vert ein større del av liva våre, og ein av appane som er flittig brukt av folk i alle aldrar er Snapchat. Snapchat er ein app der du sender bilete og filmar til folk, anten til vener og familie, eller via ein offentleg konto som alle kan sjå. Kontoar som går på rundgang mellom ei gruppe menneskje vert meir og meir vanleg, og det er på ein slik konto du no kan få eit innblikk i andre sin kvardag med fjordhest.

Det er Heidi Bradland Bekkelund som står bak denne kontoen. Ho syns ho fekk for lite bilete av fjordhest på Snapchat, og fekk difor ein idé om å lage ein konto som skulle handle berre om fjordhest. Etter å ha fått positiv tilbakemelding på ideen oppretta ho kontoen «Fjordhestglede».

«Eg hadde veldig lyst til å få eit innblikk i andre sin kvardag med fjordhest, og å sjå kva andre driv med motiverer meg» seier Heidi. På «Fjordhestglede» kan alle som vil dele glimt frå sitt fjordhestliv, og hittil har ein fått sjå ting som omvising i stall, ridetimar, kurs og stemner.

Snapchat-kontoen vert organisert via ei gruppe på Facebook, der alle som vil kan gå inn og melde si interesse for å ha snappen. Ein får tilsendt passord den dagen snappen er «sin», og då er det berre å setje i gong å vise fram fjordhestane sine. «Eg håper at alle som har interesse for fjordhest kunne tenkje seg å ha snappen ein dag» seier Heidi. «Ein treng ikkje vise fram store ting som stemner og kurs kvar gong, det er veldig kjekt å sjå kva folk driv med i kvardagen – og ikkje minst å få sjå på alle dei flotte fjordhestane som bur rundt om i landet.»

Har du lyst til å følgje kontoen? Gå inn på Snapchat og søk opp «Fjordhestglede». Kunne du tenkje deg å vere med på å vise fram bilete på kontoen kan du melde deg inn i gruppa «Fjordhestglede» på Facebook.