Utstillarprisen 2017 vart delt ut under utstillingsmiddagen på Nordfjord hotell fredag. Vinnar av den gjeve prisen er Even Myklebust.

Even Myklebust er eit kjent namn i fjordhestverda. Han har gjennom ei årrekkje stilt ut mange gode hestar, både hingstar og hopper. I fjor viste han totalt fire hestar; to hopper og to hingstar.

Alme Baronen er ein hingst etter Fjellltor og Aarnes Lerka. Oppdrettar er Dan Ole Alme, eigarar er Even Myklebust og Jorunn Alme. Alme Baronen var vist i klassa for fire og fem år gamle hingstar på hingsteutstillinga på Nordfjordeid i fjor. Han avla den beste utvida bruksprøva og vart lønna med 2. premie og stilt som nummer ein i kvalitet.

Even viste også to treårshopper i fjor; Kaisas Dina og Lille Emma – begge etter Fløgstad Odin. Dei vart viste på unghestskue i Ørsta i april, og deretter på hoppeutstilling i august. Begge hoppene fekk sløyfe som unghest og 2. premie som hopper, og vart stilte som nummer ein (Lille Emma) og to (Kaisas Dina) i kvalitet på begge utstillingane.

Kaisas Dina

Lille Emma

Den siste hesten Even viste i fjor var Soltuns Trym, ein åringshingst etter Brijol under Linn. Han fekk sløyfe og vart stilt som nummer ein i kvalitet på unghestskuet i Ørsta.

Soltuns Trym

Norges Fjordhestlag gratulerer Even Myklebust med prisen for årets utstillar, og takkar han for innsatsen han gjer for fjordhesten.