Eit nytt nummer av bladet «Fjordhesten» er no på veg ut til medlemmane våre. 

I «Fjordhesten» nummer 02/18 får du ei utfyllande reportasje frå hingsteutstillinga, samt bilete og omtale av alle hingstane som vart kåra og premiert. I portrettserien Fjordhestfolk har vi intervjua Espen Mørch Andersen, som har sitt eige firspann med grå fjordhestar. Du kan også lese om den mystiske sjukdomen AEP. I tillegg finn du som alltid våre faste spalter og mykje anna kjekt lesestoff.

Nytt frå og med dette nummeret er at også medlemmer i Barnas Fjordhestlag får tilsendt heile bladet. Vi håper dette vert tatt godt i mot, og at dei finn interessant lesestoff i bladet.

Neste nummer av «Fjordhesten» kjem ca. 15. september. Innsendingsfrist av stoff er 15. august. Ynskjer du å bidra til bladet med bilete, tekstar eller lesarinnlegg, eller har du tips til saker vi bør skrive om, ta kontakt med redaktøren (kontaktinfo finn du her).