Etter to avdelingar vart greinmeisterskapen i dressur avgjort onsdag. Med mange gode ekvipasjer på start måtte alt klaffe for at ein skulle kunne stikke av med den gjeve tittelen som greinmeister i dressur.

Det var totalt 22, startande i greinmeisterskapen i dressur, som gjekk i klassene LA:2 og MC:1. I både første og andre avdeling var det mykje god riding å sjå, og dette viste att på resultatlista. 12 ekvipasjar gjekk vidare til A-finala, som er maks antall som kan vere med.

Første klasse vart gjennomført tysdag, og vart vunne av Ruth Elisabeth Vareberg Birkedal og Lille Engsvangs Lasse. Dei leia difor greinmeisterskapen etter første avdeling. Også i andre avdeling, MC:1, var det denne ekvipasjen frå Sandnes og Jæren rideklubb som stakk av med sigeren, og difor var det ingen spørsmål om kven som hadde vunne greinmeisterskapen samanlagt.

Pallen for greinmeisterskapen i dressur såg slik ut:
1. Ruth Elisabeth Vareberg Birkedal og Lille Engsvangs Lasse
2. Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron
3. Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar

Fullstendige resultatlister finn du i Equipe.

Ruth Elisabeth Vareberg Birkedal og Lille Engsvangs Lasse

Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen og Fannemels Argon

Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå

 

Mona Hatteland og Florian

Kristin Vinsrygg og Solsidens Alar

 

Dorthea Solheim og Haukfell

Annike Josefine Mikkelsen og Blåtopps Aron