I helga vart NM køyring arrangert på Norsk Hestesenter på Starum. Mange fjordhestekvipasjer deltok  i både i NM-samandrag og opne klasser, og dei viste fram fjordhesten sine gode eigenskapar som køyrehest.

Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen

Årets NM i køyring vart arrangert av Skjåk Hestelag på Norsk Hestesenter på Starum. Norsk Hestesenter har eit stort anlegg som har husa mange store stemner tidlegare, og her er det god plass til dei tre greinene som inngår i køyre-NM. Dressur- og presisjonskøyringa gjekk på store, utandørs grusbaner. Maratonbana var veldig publikumsvenleg, og ein kunne sjå mange hinder på ein gong på stemneplassen.

Det var totalt fem fjordhestekvipasjar påmeldt i NM-samandraga; ein i NM hest, to i NM ponni og to i NM par. Fleire andre fjordhestar starta i dei opne klassene som vart arrangert i tillegg.

NM hest
I NM-klassa for hest deltok totalt åtte ekvipasjer. Den einaste fjordhestsekvipasjen i denne klassa var Anders Sæther Moen og Foldas Sildre, ei sju år gammal hoppe etter Solli Gråen. Fredag køyrde dei til 59,167% i dressuren. I maraton hadde dei fin flyt, men dei vart dessverre eliminert etter å ha køyrd feil i eit hinder. I presisjon reiv dei ein ball, og fekk i tillegg noko tidsstraff. På grunn av eliminasjonen i maraton hamna dei nedst på resultatlista, men dei viste fram god køyring heile helga. Det er tøff konkurranse i NM-klassene, men spesielt hardt for ein fjordhest som konkurrerer på same tid som dei store hestane.

Anders Sæther Moen og Foldas Sildre

Anders Sæther Moen og Foldas Sildre

Noregsmeister i køyring (hest): Wenche M. Johannesen og Engkildegårds Rts Saturn

NM ponni
Av sju startande i NM ponni var det to fjordhestekvipasjer. Monica Bratt starta med hesten Tysselands Fredrik, som er ein tolv år gammal vallak etter Frederik Skovå. Denne ekvipasjen såg vi også under Fjordhest-NM på Stord. I dressuren fekk Monica og Tysselands Fredrik 62,583%, eit godt resultat på dette nivået. I maraton køyrde dei jamt og fint, men farta var ikkje like rask som dei andre startande og dei enda på ein sjuandeplass. I presisjonskøyringa køyrde dei dessverre eit hinder feil veg, og vart eliminert. Dette gjorde at dei hamna på sjuandeplass i samandraget.

Monica Bratt og Tysselands Fredrik

Monica Bratt og Tysselands Fredrik

Den andre fjordhestekvipasjen i NM ponni var Freya Anie Hagen og Sanders Sarek. Sanders Sarek er ein tretten år gammal vallak etter Sander, og han og Freya har tidlegare i år starta internasjonale klasser i køyring. Ekvipasjen oppnådde 62,833% i dressuren, noko som haldt til ein sjetteplass. I maraton fekk dei ein femteplass, med fjerde beste tid i tre av hindera. I presisjon køyrde dei ei veldig god runde utan riv, og hamna berre eitt sekund bak vinnaren. Den gode runda i presisjon gjorde at Freya og Sanders Sarek klatra opp på ein tredjeplass samanlagt i NM-klassa.

Freya Anie Hagen og Sanders Sarek

Freya Anie Hagen og Sanders Sarek

Vinnar av NM ponni: Jeanette Støen og Penlangrug Black Knight.

NM par

Medan NM-samandraga for enbet hest og ponni går på nivået vanskelig B, går samandraget for par i middels. To av dei fem para som starta på Starum var fjordhestar. Espen Mørch Andersen starta med sitt grå par beståande av Vesle Lisa (e. Lyngheims Grane) og Nybråtens Skumring (e. Gråggi). Dette er to hopper på ni og nitten år, som i tillegg til å gå i par også er innkøyrd i firspann. I dressuren fekk ekvipasjen 63,913% og 3. plass. Dei køyrde ikkje fortast i maraton, men det var jamt og harmonisk. I presisjonen fungerte både gassen og styringa utmerka, og Espen og dei to grå vann klassa med null riv og raskast tid. Til slutt vart dei nummer fem i samandraget.

Espen Mørch Andersen med Vesle Lisa og Nybråtens Skumring

Espen Mørch Andersen med Vesle Lisa og Nybråtens Skumring

Espen Mørch Andersen med Vesle Lisa og Nybråtens Skumring

I det andre tospannet kunne ein sjå to andre fargar enn i det første; Irja Vågene Stølen køyrer raudblakke Svingens Edda (e. Årdalsrappen) og brunblakke Jakobgardens Elias (e. Hildmann). Ekvipasjen oppnådde 58,768% i dressuren, noko som gav dei ein femteplass. I maraton vart dei nummer fire, med tredje beste tid i fem av seks hinder. I presisjon køyrde dei fort og feilfritt, og enda på ein andreplass bak det andre fjordhestparet.

Irja Vågene Stølene med Svingens Edda og Jakobgardens Elias

Irja Vågene Stølene med Svingens Edda og Jakobgardens Elias

Irja Vågene Stølene med Svingens Edda og Jakobgardens Elias

Noregsmeister par: Berit Morstad med Brennebalder og Nordby Tromf

Gode resultat i opne klasser

I tillegg til NM-klassene vart det arrangert opne klasser frå miniklasse til middels nivå. Her var det mange fjordhestar som deltok, og fleire reiste heim med premierosettar i bagasjen.

I dressuren vart tre opne klasser vunne av fjordhestar. Liv Merete Bergstrøm og Von Elmin (e. Merinas Emil) vann utdanning dressur for ponni, Frida Kristin Hansen og Athukens Evina (e. Kneist) vann lett dressur for ponni og Hanne Brunvoll og Liaguten (e. Fiskarguten) vann middels dressur hest/ponni.

Lett presisjon for ponni vart vunne av Unni Sørtømme og den andrepremierte hingsten Severin (e. Uno). Alle dei tre plasserte i denne klassa var fjordhestar. Middels ponni/hest presisjon vart vunne av Hanne Brunvoll og Fiskarguten, som også vann middels DMP samanlagt.

Hanne Brunvoll og Liaguten

Martin Fremstad og Sørlis Nette

Unni Sørtømme og Severin

Frida Kristin Hansen og Athukens Evina

Hege Sæther Moen og Solli Rhea

Fjordhesten gjorde ein god figur som køyrehest på Starum i helga. Ein såg at rasen passar for kuskar på ulikt nivå, av begge kjønn og i alle aldrar. Helgas prestasjonar viser også at fjordhesten kan hevde seg på alle nivå, og det var veldig kjekt å sjå så mange fjordhestar til start.

Du finn alle resultata frå NM køyring i HorsePro.