Norges Fjordhestlag kan med glede meddele at vi har funne arrangør til Fjordhest-NM 2019.

Neste års Fjordhest-NM skal foregå på Linnesvollen i Lier utanfor Drammen. Initiativtakar er Eirik Berentsen, og det er Drammen og Omegn Rideklubb som er offisiell arrangør for neste års store fjordhestfest.

Fjordhest-NM vart arrangert på Linnesvollen også i 2014, men sidan den gong har anlegget fått ei stor oppgradering. Forretningsmannen Bjørn Rune Gjelsten har gitt ni millionar til eit nytt anlegg, som består av ei ny stor ridebane med internasjonale mål, samt ei avridingsbane.

Du kan lese meir om det nye anlegget i denne saka på hest.no. 

Det er enno ikkje avklart når neste års NM vert arrangert, men det vert sørga for at det ikkje skal kollidere med verken Nordisk for fjordhest i Danmark, NM køyring eller Nordisk køyring. Vi kjem med oppdatering så fort dato er fastsett.

Vi ynskjer alle fjordhestfolk, både med og utan hest, velkommen til neste års Fjordhest-NM!