Norsk Hestesenter la i dag fram bedekkingstal for 2018. Det er gledeleg at det har vore ei auke i talet på bedekte fjordhopper i år samanlikna med i fjor. 

Fristen for å sende inn bedekkingslister var 1. oktober, og Norsk Hestesenter la i dag fram bedekkingstal for årets avlssesong. Tala viser at fjordhesten har 277 bedekte hopper i år, noko som er ei auke på 45 hopper samanlikna med tala frå i fjor. Ein tek atterhald om at det kan kome fleire bedekkingslister etter fristen, og tala er difor ikkje endelege.

Dølahest og nordlandshest/lyngshest har omlag like mange bedekte hopper i år som i fjor, høvesvis 229 og 143 hopper. «Dette er gode nyheiter for dei nasjonale rasane, då det ser ut til at trenden for nokre år sidan med sterkt nedadgåande bedekkingstal no verkar å ha snudd. Alle raser verkar å ha stabilisert seg med årvisse variasjonar og ein svak oppadgåande trend om vi ser på tala over tid.» skriv Norsk Hestesenter på nettsidene sine.

Det er rapportert inn tal frå 40 hingstar i år, og det er tre av desse som har hatt over 20 hopper. Heggnes Balder har hatt desidert flest med sine 44 hopper, og Højgaards Nicko og Toregardens Caiser hadde 23 hopper kvar. Liste over innrapporterte tal på årets brukte fjordhingstar finn du her.

Bedekte du hoppa di i 2017? Hugs å sende inn springseddel uansett om hoppa har fått føl, kasta eller ikkje tok seg. Uansett utfallet av bedekkinga treng Norsk Hestesenter å vite om det for å ha eit sikkert datagrunnlag å bruke for å lage statistikk på rasane si fruktbarheit. Les meir på Norsk Hestesenter sine nettsider.