Norges Fjordhestlag inviterte til dommarsamling for fjordhestdommarar på Norsk Fjordhestsenter den siste helga i oktober. I tillegg til dei norske fjordhestdommarane deltok også representantar frå fjordhestlaga i dei andre nordiske landa.

Dei siste åra har Norges Fjordhestlag arrangert ei årleg dommarsamling. «Den viktigaste grunnen til at vi arrangerer desse dommarsamlingane kvart år er at vi i Norges Fjordhestlag skal orientere dommarane, samt stille opp for å svare på eventuelle spørsmål dei måtte ha til oss» seier Vidar Heggheim, leiar i avlsutvalet. «Det er også veldig viktig for dommarane å møtes med jamne mellomrom, for å diskutere og evaluere utstillingssesongen. Dette gjer at dei vert meir samstemte i arbeidet dei gjer som dommarar» legg han til.

Nokre av dei som deltok på dommarsamling på Norsk Fjordhestsenter. Frå venstre: Anne Siril Horstad Bruland, Reinert Skumsnes, Jodvar Herheim, Gunilla Awellen (FI), Nils Mortensen(DK) , Pernille Balcer(DK), Leif Grimbühler(DK), Live Enerhaugen, Nils Ivar Dolvik og Nils Runnane.

Sjølv om Noreg er opphavslandet til fjordhesten, finns det fleire fjordhestar i utlandet enn det gjer her i landet. Mange av desse bur i våre naboland Sverige, Danmark og Finland. Eitt av tema for årets dommarkonferanse var fjordhesten i Norden, og difor vart representantar frå dei andre nordiske landa inviterte til å delta. På den måten kunne alle få lære litt meir om korleis dei andre landa driv sine utstillingar, og utveksle erfaringar med dei ulike systema.

Det er stor skilnad på korleis ein gjennomfører utstillinger og bruksprøver i dei nordiske landa, og spesielt stor skilnad er det på hingsteutstillingane. Dette er på grunn av at ein har ulike avlsplanar i dei ulike landa, i tillegg til at ein ofte må underordne seg dei systema som er for hesteutstillingar. I tillegg har fjordhesten ein noko ulikt bruksområde i dei ulike landa, og dette ser ein att i dei bruksprøvene som vert gjennomført. Alle som var med på dommarsamlinga fekk ei grundig innføring i dette, og det vart også diskutert korleis ein betre kan samarbeide på tvers av landa.

Fem personar frå fjordhestforeiningane i dei andre nordiske landa var på Norsk Fjordhestsenter denne helga. Frå Fjordhesten Danmark møtte Leif Grimbühler, Birgit Mortensen, Nils Mortensen og Pernille Balcer. Frå den finske fjordhestforeininga møtte Gunilla Awellen.

For mange var kanskje helgas høgdepunkt følsjået som vart arrangert laurdag. Her møtte om lag 20 føl, og dommarane som deltok på samlinga dømte føla. Både dei norske og dei utanlandske representantane fekk vere med på dømminga, og det har vel aldri hendt tidlegare at eit følsjå har hatt totalt ti dommarar med internasjonal erfaring.

«Det er veldig bra for dommarane våre å kunne trene på dømming under dommarsamlinga» seier Vidar Heggheim. «Dette er eit glimrande høve for dei til å snakke saman og bli betre samkøyrde i korleis dei vurderer dei ulike eigenskapane.»

Det er ikkje kvardagskost med eit slikt oppmøte av dommarar på eit følskue.

Heggheim fortel at dommarane som møtte var nøgde med årets dommarsamling. Han understreker at det er viktig for dommarane at organisasjonen stiller opp og svarer på spørsmål om ting dei møter i sin kvardag som dommarar. «Vi får tilbakemeldingar om at dommarane er glade for at organisasjonen tek initiativ til å gjennomføre dette, og det er noko vi kjem til å halde fram med» avsluttar Heggheim.