Norges Fjordhestlag har fått innvilga 227 094 kroner i Frifondmidlar for 2018. Pengane skal brukast til fjordhestaktivitetar for born og unge i lokallaga. Tolv lokallag har søkt om og fått tildelt pengar frå årets Frifond-midlar.

Frifondmidlar er ei støtteordning for aktivitetar til born og unge i Noreg som vert administrert av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Norges Fjordhestlag fekk Frifond-midlar for fyrste gong i fjor, og det skapte stor aktivitet ute i lokallaga.

Då søknadsfristen for årets Frifond-midlar gjekk ut 15. september var det 21 lag som fylde kriteria for å søke. 12 av desse har søkt om, og fått tildelt, midlar. Lokallaga kan få tre ulike typar støtte; prosjektstøtte til konkrete prosjekt, driftsstøtte til laget og oppstartsstøtte til nystarta lokallag. Det vart i år tildelt tilsaman 60 000 kroner i driftsstøtte og 157 500 kroner i prosjektsøtte.

Søknadane vi fekk inn i år var varierte i både innhald og storleik, og det er ikkje midlar til å dekke alt det er søkt om. Norges Fjordhestlag har gjort prioriteringar av kor mykje kvart lag skal få, mellom anna med bakgrunn i kor mykje det aktuelle laget fekk av midlar i fjor. Alle laga som har søkt har fått 5000 kroner i driftsstøtte, og laga som har fått prosjektstøtte har fått mellom 7500 og 20 000 kroner.

Laga som har fått Frifond-midlar i 2018 er: Dalsfjorden og Ytre Sogn Fjordhestlag, Eid Fjordhestlag, Førde Fjordhestlag, Hedmark Fjordhestlag, Indre Nordfjord Fjordhestlag, Indre Nordmør Fjordhestlag, Midtre Nordfjord Fjordhestlag, Oslo og Akershus Fjordhestlag, Osterøy Fjordhestlag, Telemark Fjordhestlag, Østfold Fjordhestlag og Øvre Buskerud Fjordhestlag.

Eitt av laga som har fått Frifond-midlar både i år og i fjor er Førde Fjordhestlag. Leiar i laget, Marie Hagen, er veldig glad for at Norges Fjordhestlag har denne ordninga. «Frifond-midlane har gjeve oss moglegheit til å tilby aktivitetar der barn og unge kan bli kjende med fjordhesten i trygge omgjevandar» seier ho. «Pengane har også gjort det lettare for styret å organisere slike aktivitetar, sidan vi kan leige ein ridehall og hestar og ha all aktiviteten på same stad.»

I Førde tilbyr dei riding for born annakvar fredag, og tilbodet er svært populært. I starten hadde dei fem-seks deltakarar, no er det 18 born som deltek og dei har lang venteliste. Ryktet om fredagsridinga har spreidd seg utan at dei har annonsert det i det heile tatt. «Dette er høgdepunktet i veka for borna som deltek» seier Hagen. Ho fortel vidare at det er heilt fantastisk å sjå kor gode relasjonar borna skapar til den trygge, gode fjordhesten. Mange har vore veldig usikre dei første gongane, men meistringskjensla og gleda kjem fort. Borna har med seg foreldre på ridetimane, og på den måten har dei også fått lære å kjenne fjordhesten. «Fellesskapet i desse ridetimane er nok også veldig positivt for interessa til borna, og det er det mykje enklare å få til når vi samlar dei enn om dei skulle vore på kvar sin stall rundt om kring» seier Hagen.

I tillegg til fredagsridinga ynskjer Førde Fjordhestlag også å tilby noko til juniorane sine, dei som har eigen hest og rir sjølve. Dette er noko dei skal arbeide med, og håpar å få laga til eit tilbod til dei til neste år.

Observante sjeler vil legge merke til at Norges Fjordhestlag har fått nesten 100 000 kroner mindre i Frifond-midlar i 2018 enn vi fekk i 2017. Det er talet på medlemmar under 26 år i organisasjonen som gir grunnlaget for kor mykje støtte vi får. Det er difor svært viktig at barn og unge er medlem i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag i tillegg til å vere med i det lokale fjordhestlaget. Jo fleire medlemmar vi har, jo meir pengar vil vi få seinare år til viktig rekrutteringsarbeid for barn og unge.