I den siste veka før jul kan du kose deg med den nyaste utgåva av medlemsbladet «Fjordhesten». 

I juleutgåva av «Fjordhesten» finn du mykje spennande stoff. Du kan mellom anna lese om to avlarar som har eit spesielt forhold til fjordhesten sine fargar – familien Alnes på Bjørke som har alle fjordhestfargane på stallen sin, og Kristian Bakken på Lunner som i mange år har avla flotte, grå fjordhestar.

Du kan også lese om korleis det har seg at medlemmar av kongefamilien i Romania hadde fjordhest, og sjå bilete som ikkje tidlegare er publisert. I bladet finn du òg bilete og omtale av alle toårshingstar som har fått sløyfe i år, og alle hopper som har fått 1. premie. I spalten «Fjordhestfolk» kan du verte betre kjent med norske Helen Indrebø, som har flytta til Sverige og driv fjordhestoppdrett under namnet FjordhestFin.

Framsida på årets siste utgåve av «Fjordhesten» er pryda av den finske avlshingsten Hertug Foss.

Neste nummer av «Fjordhesten» kjem 15. mars 2019. Ynskjer du å bidra med stoff til bladet, kontakt redaktør Ingvild Rydjord Hansen på e-post ingvildrh@hotmail.com.