Valnemnda i Norges Fjordhestlag er i gong med å finne aktuelle kandidatar til ulike verv i organisasjonen. Dei ber lokallaga kome med innspel på aktuelle namn. 

Styret og utvala i Norges Fjordhestlag vert vald på årsmøtet som vert avhalde i tilknyting til hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai. Valnemnda har allereie starta arbeidet, då det er ynskjeleg at innstillinga deira kjem med i årsmeldinga i Fjordhesten 01/19.

Valnemnda oppmodar lokallaga til å kome med innspel på personar som kan vere aktuelle for eit verv i Norges Fjordhestlag. «Ein treng ikkje ha eit konkret verv i tankane når ein kjem med innspel til oss, vi er mest ute etter å få vite om personar som lokallaga trur kan gjere ein god jobb for organisasjonen» seier medlem i valnemnda Jenny Wright Johnsen.

Johnsen understreker at det er viktig for valnemnda å finne personar som har tillit i lokallaga. «Lokallaga er ein stor del av Norges Fjordhestlag, og det er viktig at dei føler tilknytning og lojalitet til styret og utvala i organisasjonen. Då må vi ta med dei i prosessen når nye verv skal fyllast» seier ho.

Har du innspel til aktuelle namn for verv i Norges Fjordhestlag kan du kontakte valnemnda:
Leiar Nils Magne Gjengedal (tlf.: 91720950)
Aase Ravndal (tlf.: 47510156)
Jenny Wright Johnsen (tlf.: 90068187)