Kva påverkar om ei hoppe vert drektig eller ikkje? Følprosenten på fjordhest er for låg, og Norges Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter ynskjer å sette fokus på denne problemstillinga og inviterer til fagsamling om betre drektigheit på hest.

Av Ingvild Rydjord Hansen

Ein populasjon vert sett på som kritisk truga dersom det vert fødd færre enn 200 individ i populasjonen per år. Fjordhesten har i fleire år vore under denne grensa, sjølv om ein sidan 2015 har hatt over 200 bedekningar i året. Med under 200 nye individ i populasjonen vil ein etter kvart få store problem med innavl.

Ein populasjon med under 200 fødde individ per år er kritisk truga. Fjordhesten har i fleire år vore under denne grensa.

«I 2018 var det rundt 280 bedekte fjordhopper i Noreg, og hadde vi hatt ein høgare drektigheitsprosent hadde vi kunna nådd målet om 200 fødde føl i 2019» seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter. Senteret arrangerer kvart år fagsamlingar retta mot oppdrettarar, og i år er temaet «betre drektigheit».

Følprosenten til fjordhesten ligg på ca. 58%, og har vore gradvis synkande dei siste 10-15 åra. «Det er mange som ynskjer å avle, men som ender opp med tomme hopper. Det er veldig synd – både for den enkelte hoppeeigar og for fjordhesten som rase» seier Espe.

Ein grunn til at den dokumenterte følprosenten er så låg, er at datagrunnlaget til Norsk Hestesenter ikkje er fullstendig på grunn av dårleg rapportering. Dette gir likevel ikkje heile svaret på problemet. «Om vi samanliknar oss med dei to andre nasjonale rasane dølahest og nordlandshest/lyngshest er vi dårlegast i klassa, men dei andre har også utfordringar på dette feltet» seier Espe.

Å auke kunnskapen om reproduksjon blant oppdrettarar og hingstehaldarar er ein viktig faktor for å auke drektigheitsprosenten. «Dei siste åra er det mange nye som ynskjer å avle fjordhest, og ikkje alle desse har kunnskap om avl frå før» seier Espe. «Vi er glade for kvar einaste hoppe som vert ført til hingst, og ynskjer å hjelpe til for å auke sjansen for at avlarane får det dei vil ha – ei drektig hoppe og eit friskt føl.»

Statistisk sett er det 58% sjanse for at denne hoppa, som var para i 2018, ventar føl til sommaren. Med fokus på kunnskapsformidling håpar ein å kunne auke drektigheitsprosenten på fjordhest.

Til fagsamlinga på Norsk Fjordhestsenter kjem det personar med stor kompetanse på feltet reproduksjon. Universitetslektor Caroline Sorknes Haadem frå NMBU vil ha foredrag om korleis ein får føl i hoppa, kva det kan skuldast dersom ho ikkje vert drektig, og om komplikasjonar og sjukdommar under drektigheit og etter følling.

Tore Kvam, spesialrådgjevar på avl ved Norsk Hestesenter, vil snakke om status for dei nasjonale hesterasane, korleis hingsten påverkar drektigheitsprosenten og om aktuelle tiltak som kan gjennomførast. Kvam har lang erfaring med avlsrådgjeving på mange raser, og har i tillegg sin eigen veterinærpraksis med fagområde reproduksjon på hest.

Fagsamlinga vert arrangert på Norsk Fjordhestenter tysdag 9. april, og målgruppa er oppdrettarar, hingstehaldarar, veterinærar og andre interesserte. Informasjonen er relevant uansett kva for rase du driv med, og alle er velkomne til ein interessant kveld på Fjordhestsenteret.

Program:

18.00: Opning ved arrangør med kort orientering om status på seminstasjonen.

18.20: Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: «Korleis får vi føll i hoppa, og kvifor blir ho ikkje drektig?» 

19.00: Tore Kvam, Norsk Hestesenter orienterer om status for dei nasjonale rasane, hingsten sin innverknad på drektigheit og tiltak som kan vere aktuelle å starte.

20.30: Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: «Komplikasjoner og sykdommer hos hoppa under drektighet, og etter følling»

21.30: Norges Fjordhestlag, ved avlsutvalet, informerer om ansvaret raselaget har, og kva som må prioriterast frå deira side. 

Trykk her for å kome til påmeldingsskjema.