Årets første utgåve av medlemsbladet «Fjordhesten» hamnar i desse dagar i postkassa til medlemmane våre.

Norges Fjordhestlag sitt medlemsblad «Fjordhesten» kjem ut fire gongar i året, og årets første utgåve er på veg ut til medlemmane våre. Vedlagt medlemsbladet får du årsmeldinga til Norges Fjordhestlag for 2018.

I år fyller Norges Fjordhestlag 70 år, og i bladet kan du lese om skipinga av laget. Vi er så heldige å ha fått Tor Nestaas, ein mann med mykje kunnskap om både fjordhesten og Norges Fjordhestlag, til å skrive om dette for medlemsbladet.

I bladet kan du også lese om fjordhesten Mirias Mario, som gjer det veldig godt på ein arena der fjordhesten er eit sjeldan syn – på travbana. Du kan lese om Solli Gråen, ein hingst som har avla svært mange gode brukshestar, og som har fått ei utmerking frå Norges Fjordhestlag for dette.

Solli Gråen har avla gode brukshestar, og har fått utmerking frå Norges Fjordhestlag for dette. Les meir i «Fjordhesten». (Foto: Mia Høiseth)

I denne utgåva er det også fleire reportasjer frå lokallag som fortel om aktivitetar dei har arrangert. Du kan lese om og sjå bilete frå mellom anna skogdagar og aktivitetar for born.

I tillegg finn du som alltid faste spalter som BFL-nytt, Fjordhestfolk, styret informerer og kontaktinfo til lokallaga.

Dersom du har fått «Fjordhesten» før, legg du kanskje merke til at denne utgåva ser litt annleis ut. Vi har vald å gje bladet ei lita oppgradering, og syns den første utgåva i jubileumsåret var eit fint tidspunkt. Vi håper medlemmane våre set pris på den nye utsjånaden, og at de likar det de finn på innsida.

Ynskjer du å bidra til medlemsbladet «Fjordhesten»? Kontaktinfo til redaktøren finn du på side 4!